Close

Å lære seg å «søve» i bilen

Del innlegg

Eg tenkte å bli journalist, men jobbar i forlag er vanskeleg å få, journalistikk kunne vore vegen inn. Utdanninga var ved vegs ende, og eg starta i ein ny karriere utan tidlegare erfaring. Vegen til Førde har vore lang, i alle fall i leasingkilometer, og dette er ruta eg har tatt.

Pakk med ei utdanning frå NTNU i bagasjen og køyr sørover til Sunnmøre, turen startar her. Jobb i ei lokalavis, så fleire lokalaviser, men berre frilans og vikariat. Invester i ein Toyota som ikkje passar høgda di, prisen er viktigare på Sunnmøre. Å køyre på oppdrag med fast buplass er ikkje å anbefale, avstandane kan vere større enn du trur. Når du har kryssa fylkesgrensa på oppdrag, innser du at tur-retur blir for langt på éin dag. Parker i eit skogholt, legg ned bakseta, og lag ei pute av genseren din. Den første fylkesgrensa er det vanskelegaste partiet, etter denne kjem det fleire raskt på.

Etter 40 netter fekk eg nok, halvtanna år som vikar- og frilansjournalist tærer på. Fridomen var ikkje så lokkande lenger, usikkerheita tok overhand. Ei natt i bilen lengta eg til eit kontor. Åtte til fire, lunsjpausar med matprat, ei seng å «søve» i.

Seks månadar seinare sit eg i Førde. 0815–1545 er bra nok, men senga eg kjem til på slutten av dagen, er framleis for liten. Prisen er visst viktig i Sunnfjord også.

Av Peder Skjelten