Close

Med min hær

Del innlegg

Korleis har eg hamna her? Korleis har nokon i det heile tatt hamna der dei er, og korleis veit dei det er der dei skal vere, om det er meint at nokon skal hamne ein stad.

Eg hadde ikkje trudd eg skulle hamne her, men eg veit ikkje kor det var eg trudde eg skulle hamne.

Fleire hamnar ikkje langt frå der dei startar, nokre jobbar på det same sjukehuset dei blei fødd. Mange hamnar ikkje der eg er no, i slutten av 20-åra, dei droppar ut av både studie, arbeid og livet før det.

Nokre hamnar akkurat der dei skulle ønske dei hamna. Den amerikanske presidenten sit i akkurat det kvite huset han planla å hamne i.

Nokre har krunglete vegar å gå for å hamne der dei hamnar. Den mest ekstreme av dei var Napoleon. Napoleone di Buonaparte blei fødd på den franske øya Korsika i Middelhavet , som var italiensk berre to år tidlegare. Han reiste til fastlandet for å studere, og gjennom år med uro etter den franske revolusjonen såg han og familien sitt snitt, og han hamna på kongetrona, som han gjorde om til ei keisartrone i Paris.

Keisardømet til Napoleon stod for mykje uro og ustabilitet på det europeiske kontinent. Etter eit mislykka felttog til Russland blei han fråtatt laurbærkransen og keisartrona, og hamna på øya Elba i Tyrrenhavet 30. mai 1814. Det skulle han ikkje trudd!

20. mars 1815 i Paris. Etter ni månadar på Elba går Napoleon på ny inn i den franske hovudstaden. Nok ein gong blir han satt på keisartrona, og nok ein gong fører det til ein periode av uro, krig og millionar daude. Nokon lærer aldri.

På ny blir han sendt i eksil, til øya Sankt Helena i Sør-Atlanteren utanfor kysten av Afrika.

Dit hadde nok aldri Napoleone di Buonaparte frå Korsika trudd han skulle hamne, men han burde ha visst: kystfolk gjer det ikkje godt i innlandet, og uansett kor mykje vi kjempar mot det, blir vi dratt ut mot havet, eller hamna.

Eg har hamna i Førde. Ikkje blir eg kalla keisar, endå, og ikkje ligg det millionar av daude franske og russiske soldatar frå Brattvåg til Førde på grunn av meg. Framleis kjenner eg dragninga mot havet.

Av Peder Skjelten