Det er kaldt i Førde. Men inne på Nynorskhuset er det varm stemning. Kull 26 er på plass, og om eit par veker kan du lese kva dei skriv!
– Vi som jobbar her gler oss veldig til dei kommande månadane. Det er alltid både kjekt og spennande å ta imot nye praktikantar. No har vi hatt eit par fine dagar saman, og vi gler oss verkeleg til å komme skikkeleg i gang med journalistikken, seier leiar på Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Firdaspråket er viktig. Her forklarar Kjell Ove Nordeide dei nye praktikantane kvifor.
Dei første vekene har vi eit tettpakka program, mange kurs, mykje å sette seg inn i, og mykje å ta inn. I tillegg er det veldig sosialt. Det er travelt, men givande.

Det er mange måtar å få folk til å sjå opp til seg. Dette er ein av dei.
Målet er å gjere dei til gode nynorskskrivande journalistar før dei skal vidare til andre aviser i mai.

Å bli kjent med Førde var ei kald oppleving. Men trass ti kalde grader hadde vi ein fin tur rundt i sentrum.
Om eit par veker vil også Firda sine lesarar oppdage dei nye skribentane i spaltene.
Fram til mai vil Selma, Therese, Hedda, Sara og Ellisiv vere i Førde , og alt dei produserer vil bli publisert i Firda. I mai og juni vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis. Etter det skal er dei klare for å søke jobb, og det er mange aviser og mediebedrifter der ute som både treng og ser etter gode nynorskskrivande journalistar.

Ny by, nye opplevingar. Sara, Therese, Hedda, Selma og Ellisiv er klare. Om eit par veker kan du lese kva dei skriv om i Firda.