Close

«Bonding» over skjærefjøla

Foto: Ingunn Osland

Del innlegg

Det er ein lang tradisjon at praktikantane reiser til Fjordamattunet på Vassenden i Jølster, for å lage mat og bli kjend.

No har kull 26 tatt del i denne «riten» også. Saman med NRK Nynorsk mediesenter-praktikantane brukte dei onsdagsettermiddagen på å lage kyllingsuppe og dessert på eit varmt kjøkken, medan det var iskaldt ute.

Det er Kari Støfringsdal som tar oss imot. Ho er pensjonert bonde, utdanna faglærar i husstell og har lang erfaring med å formidle kunnskap om mat og tradisjonar i Sogn og Fjordane.

På kjøkkenet tar ho imot grupper med turistar eller sosiale lag som ønsker å lage mat saman – og sjølvsagt ete den etterpå.

Praktikantane lærte ein ting eller to om matlaging, og vart betre kjent på tvers av Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk Mediesenter medan dei stod side om side og skjærte grønsaker eller steikte kylling.

– Det er ingen betre måte å bli kjent på enn å lage mat saman, sa Kari Støfringsdal.

Kari Støfringsdal kom med sine tips undervegs. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Mykje skulle hakkast opp! Foto: Ivar Bruvik Sætre

Ellisiv Tomasgard Raftevold i aksjon. Foto: Ivar Bruvik Sætre