Ein måtte skrike for å få ordet i Det kvite hus, ifølge Nora Rydne, som lukkast i å fange merksemda til presidenten.
32-åringen frå Bærum tok opplæring hos Nynorsk avissenter i 2017. I dag jobbar ho som journalist i E24.
Rydne fekk ein svært hektisk dag på tampen av påska i år. Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg sitt besøk hos USA-president Donald Trump var ei storhending i nyheitsbildet denne våren.
Både norsk og utanlandsk presse flokka til Det kvite hus då Trump skulle imot Norge.
– Eg fekk veldig sein beskjed om Washington-besøket. For å dra måtte eg ha pressevisum. Det tar jo eigentleg fleire månadar å få. Så det var heilt sinnssjukt stress.
Vart kalla «kid»
Ho klarte å skaffe seg visum rekordkjapt, ved hjelp av litt flaks og god gammaldags masing på dei riktige personane. Pressekonferansen i Det kvite hus skildrar Rydne som «heilt fuckings kaos».
– Det var ikkje noko norsk, høfleg pressekonferanse-stil. Du måtte skrike for å få ordet. Eg klarte å kare det til meg, seier ho.
Spørsmålet ho fekk stilt Trump, handla om kva presidenten meinte Norge burde importere meir av frå USA.
Spørsmålet hennar kom i kjølvatnet av dei mykje omtalte tollsatsane som USA innførte mot andre land, fordi Trump meiner USA har ein negativ handelsbalanse med store delar av omverda, inkludert Norge.
Trump svarte Rydne slik han svarte mange andre journalistar under pressekonferansen: Norge treng ikkje gjere noko annleis, og har råd til å betale toll.
«Keep it the way it is, kid», sa han mellom anna.
– E24-redaksjonen syntest det var gøy at han kalla meg for «kid», ler Rydne.
Saknet etter nervøsitet
Ho seier USA-besøket var ei kul oppleving å krysse av på «bucketlista», altså ting ein vil ha gjort før ein går i grava. Til vanleg dekker ho politikk og næringsliv i Norge. Tidlegare har ho laga podkast for E24 også.
Å intervjue dei norske toppolitikarane har blitt ein vanleg del av jobben for Rydne.
– Eg synest norsk politikk er veldig gøy å følge, sjølv om eg ikkje blir like nervøs som i starten. Eg saknar kor gøy det var i starten, då eg vart veldig stressa av det, seier ho.

Rydne fekk prøve seg med telelinse på fotballkamp, då ho var praktikant. «Viss du har stor nok linse ser ingen at du ikkje veit forskjell på laga», skreiv ho den gongen på Instagram.
Då Rydne gjekk i opplæring hos Nynorsk avissenter, tok ho praksistida i Dag og Tid. I ettertid har ho jobba i Klassekampen, Dagens Næringsliv og til slutt E24.
Medan dei fleste praktikantane våre held fram med å skrive nynorsk, har Rydne gått over til bokmål.
– Dei tillèt ikkje nynorsk i Dagens Næringsliv, så då vart det berre slik. Eg kan nok kanskje skrive nynorsk i E24, men då eg starta her var eg komen såpass ut av det. Det er synd.
– Eg meiner framleis det er eit veldig bra pressespråk, og trur at språket mitt har blitt mykje betre av å skrive nynorsk. Eg rettar framleis på passive formuleringar, som at noko «gjøres» eller «sies», seier Rydne.
Ho minnest praktikanttida i Førde som veldig kjekk. Der fekk ho rikeleg erfaring med å skrive artiklar for avisa Firda, som Nynorsk avissenter samarbeider med.
– Det var veldig godt miljø, og eg var mykje på fest. Det var veldig kjekt og nyttig. Eg er glad for å ha prøvd å jobbe i lokalavis ein annan stad enn der eg kjem frå. Eg fekk også sinnssjukt god trening i å få folk i prat, når dei eigentleg ikkje vil prate med deg.