Close

Nye praktikantar på plass i Førde

Del innlegg

Fem nye praktikantar er på plass ved Nynorsk avissenter i Førde. Kenneth, Tobias, Eirin, Elsa og Tore er klare for journalistopplæring.

Første dag som nynorskpraktikantar er gjennomført for kull 18.

– Vi er i gang. Og allereie før veka er omme skal dei ha levert sine første tekstar, om alt går etter planen, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

For planane må justerast litt denne gongen. Som følge av dataangrepet på Amedia 28. desember er ikkje alle system på plass.

– Vi justerer litt undervegs, og satsar på at ting ordnar seg så fort som mogleg, seier Osland.

Etter lunsj første dagen er ein tur rundt i Førde saman med faglærarane ein post på programmet. Og trass litt vestlandsk vintervêr vart det ein fin tur, med fakta om byen undervegs.

Praktikantane på kull 18 er: Kenneth Sjøvold, Tobias Bratvold Lucey, Eirin Eriksen Horvei, Elsa Di Valerio og Tore Kjetland Fjeldsbø. I midten bak står faglærar Kjell Ove Nordeide, og framme til høgre faglærar Ivar Bruvik Sætre.

Du kan lese meir om praktikantane her.