Close

Desse kjem til Nynorsk avissenter i januar. Her er kull 18

Del innlegg

Kenneth Sjøvold, Elsa Di Valerio, Tore Andre Kjetland Fjeldsbø, Eirin Eriksen Horvei og Tobias Bratvold Lucey. Det er dei fem heldige som kom gjennom nålauget og fekk plass i kull 18 ved Nynorsk avissenter etter nyttår.

 

Allereie måndag 3. januar møtest dei til første arbeidsdag i Førde. Der ventar fire intense månader med opplæring. Frå 1. mai skal dei i journalistpraksis i andre redaksjonar, og når juni er ferdig, er dei klare for jobbmarknaden.

Då søknadsfristen var ute, låg det 20 søknader i bunken. No har altså fem av dei fått plass hos oss. Denne gongen er det flest vestlendingar, og Bergen er sterkt representert. Fleire av dei har på vegen mot oss vore innom andre land og kulturar, som Danmark, Tyskland, Storbritannia, Midtausten og USA. Kenneth voks opp på Sotra, Tore Andre i Masfjorden og Bergen, Elsa i Stavanger, Tobias i Gjøvik og Eirin i Arna.

No er dei alle motiverte for ein hestekur i journalistikk og nynorsk. Alle har hatt bokmål som hovudmål, men er språkinteresserte og glade i nynorsk.

Kenneth Sjøvold (1990) frå Sotra

Kenneth kjem frå øya Sotra, vest for Bergen. Han har ein bachelor i undervassteknologi frå Høgskulen i Bergen og har i drygt seks år jobba offshore rundt om i verda. Like før koronaen dukka opp hadde han begynt å jobbe som ingeniør på land. No er han klar for heilomvending og ei radikal endring i arbeidskvardagen. Han har bestemt seg for å prøve seg som journalist. Han starta i haust på Klassekampen-akademiet og skal halde på med det i helgane. Kvardagane skal han bruke på nynorsk og journalistikk i Førde. Kenneth har dei siste åra brukt mykje av fritida si i Bergen filmklubb, der han har vore styremedlem og bookingansvarleg, i tillegg til å jobbe dugnad.

Elsa Di Valerio (1996) frå Stavanger

Elsa er fødd og oppvaksen i Stavanger, men har aldri klart å bli stavangersk i dialekt, og ho høyrer meir austlandsk enn stavangersk ut når ho snakkar. Ho har studert psykologi, men forstod fort at hovudinteressa låg i språk. Dermed stupte ho inn i ein bachelor i arabisk. Ho flytta vidare til London, der ho studerte midtaustenvitskap. Fordjupinga i Israel-Palestina-konflikten og arabisk vekte interessa hennar for journalistikk. Etter å ha fullført masteroppgåva heime på jenterommet i Stavanger, flytte ho til Odense ei stund, før ho no er tilbake i Stavanger. Interessa for journalistikk har vakse seg sterkare, og no er ho klar for å finne vegen inn i dette yrket. Interessa for nynorsk har ikkje alltid vore der. Som så mange bokmålsbrukarar hadde ho i ungdommen eit frustrert tilhøve til nynorskstilar på skulen. Og det var faktisk då ho lærte arabisk at interessa for nynorsken vakna. Då vart ho merksam på den norske språkarven, og at det er viktig å ta vare på nynorsken. Det vil ho no bli ein del av og kastar seg inn i praktikantjobb som nynorskskrivande journalist.

Tobias Bratvold Lucey (1996) frå Gjøvik

Tobias er ein 25 år gammal gjøvikensar, som har farta mykje og budd fleire plassar rundt om i landet. Han har gått på Stand-up & Revy på folkehøgskule og har tatt to bachelorgrader ved Universitetet i Bergen. Ei grad i sosiologi og ei i medievitskap. I Bergen vart han engasjert i Student-TV. Han var med i styret, og i tillegg aktiv både i underhaldningsredaksjonen og nyheitsredaksjonen. Han landa til slutt på at journalistikk var vegen å gå for han, og politikk og aktuelle saker er det som interesserer han mest. Etternamnet hans røper at han ikkje berre har norske genar. Faren er innvandra frå USA, noko som har gitt Tobias to morsmål. Nynorsk er nyare for han. Han er no tilsett som journalist i nettavisa Porten, som er redigert på nynorsk. Dermed er han godt i gang, og han har eit klart mål: Å bli den austlendingen folk kan gå til for å få nynorsk-tips.

Eirin Eriksen Horvei (1993) frå Arna i Bergen

Eirin er 28 år gammal og kjem frå bydelen Arna i Bergen. I denne bydelen hadde ho nynorsk som hovudmål i heile grunnskulen. Sjølv om ho bytte til bokmål då ho starta på vidaregåande, så har nynorsk vore ein viktig del av livet hennar. Det har familie på Voss og ei mamma som alltid passa på å gjere nynorsk til ein del av kvardagen, sørga for. På den måten har Eirin funne verdien av språk, og sett at det er identitetsskapande. Både under utdanning og etterpå har Eirin jobba på demensavdeling i eldreomsorga, noko ho har likt og som har gitt ho glede. Men dei siste åra har ho søkt seg mot journalistikken. Bak seg har Eirin også ein bachelor i religionsvitskap, og eit halvår med medievitskap frå universitet i England. Der vakna interessa for journalistikk for alvor. Ho har søkt journalistutdanning utan å komme inn og tenker no at det kanskje er ei meining i alt. Sidan ho ikkje kom inn der i haust, får ho no sjansen til å bli nynorskjournalist i ekspressfart gjennom Nynorsk avissenter.

 Tore Andre Kjetland Fjeldsbø (1989) frå Bergen

Tore Andre starta livet sitt i Masfjorden og flytta til Bergen i tiårsalderen. Han har ei mastergrad i statsvitskap, samla frå universitet i Norge, Danmark og Tyskland. Etter det har han mellom anna jobba med nordisk samarbeid ved ambassaden i København, og med kommunikasjonsarbeid i Nordisk Atlanterhavssamarbeid, og litt for The Arctic Journal. Dei siste åra har han jobba med personvern i forsking ved Norsk Senter for forskingsdata i Bergen. Han likar både jobb og kollegaer, men har eit sterkt ønske om å skrive. Og det var denne trongen etter å dyrke interessa for skriving og historieforteljing som fekk han til å søke Nynorsk avissenter. Som hybrid mellom masfjording og bergensar ser han på det som ei moglegheit til igjen å meistre det han skildrar som vårt vakraste og mest presise skriftspråk.