Close

Kull 17 klare for ekstern praksis

Del innlegg

Fire månader har gått. Gunnhild, Jesper, Robin, Dagny og Solveig er klare for praksis i fem ulike aviser.

Alle skal dei ut i nynorskskrivande aviser i praksis. Gunnhild Lønning skal til Avisa Nordhordland, Jesper Hommefoss Johnsen skal til Dag og Tid, Robin Leander Wullum til Nationen, Dagny Backer Johnsen til Framtida og Solveig Høegh-Krohn til VestNytt.

– Vi saknar dei allereie. Det blir tomt utan dei, seier leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland då dei hadde siste dag i Førde fredag 17. desember.

Også redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, seier at Firda kjem til å sakne dei. Både som journalistar og personar.

– Det er alltid lett å seie at det siste kullet er det beste nokon gong. Eg veit det. Men uansett er de fem heilt der oppe. Takk for innsatsen, og lykke til vidare, sa Pedersen under avslutninga denne veka.

Dei neste to månadene skal dei til aviser i Oslo, og rundt Bergen. Der skal dei skrive gode saker på nynorsk.

– Vi skal følge med dykk, men er samtidig trygge på at dette fiksar de. Lykke til, seier Ingunn Osland.