Close

Å bygge opp att ein heim

Del innlegg

Kva er ein heim?

Ein eg intervjua ein gong, meinte at det minste kriteriet for ein heim er at ein kjenner seg trygg der.

Kva er tryggleik?

Kanskje at ein stoler på at eigne grenser er godt ivaretekne. At ein har dekt behov som tak over hovudet, vatn, moglegheit til å vaske seg og lage mat. Men òg at ein blir respektert og akseptert som den ein er, og ikkje treng å vere redd for at andre fysisk eller med ord skal trå over grensene sine.

Kva er grenser?

Når eg tenker på grensene til ein person, er det vel det som skil det som er eins eige frå det som er andre sitt. Og når grensene er der og fungerer som dei skal, gjer dei det trygt å dele sitt eige med andre.

Kva er eins eige?

Det er vel tankane og draumane dine, det du tenker på som gjer deg glad, alt som skjer som ikkje andre ser. Det er kroppen din, lystene dine, gleda di og sorga di, det at du har ditt eige rom inni deg som du sjølv rår over. Ei kjerne som ingen får lov å pirke i, på den måten som eit barn med ein pinne kan gjere med maurtua.

Du veit kva som skjer dersom ein unge, dum som han er, tek ein kvist og pirkar i maurtua? Ho kan bli øydelagd, og toler dårleg det som kjem vidare. Vind og vêr slepper til der det skulle ha vore lunt og varmt og tørt. Vinteren kan bli for hard.

Men om det enno er ei stund til vinteren kjem, kan dei greie det, maurane, å reparere tua. Alle gangar og krikar og krokar som vart øydelagde då det korttenkte barnet fann ein fin pinne og syntest at det var morosamt å røre tua til ein graut.

For dei har det i seg, som du og eg. Dei veit kva som skal til for å skape ein heim, og dei gir aldri opp. Dei er sjølve ekspertane over alle byggingeniørar, og saman greier dei det, å reparere alle gangane og romma til dei lune opne romma dei ein gong var og skal vere, og å lappe taket før vinteren kjem.

Av Beate Haugtrø