Close

Rakavan og dei smilande mennene

Del innlegg

Eg lærte ein gong at dersom teksten seier ein ting og det er bilde av noko heilt anna, så trur lesaren at saka handlar om det bildet fortel. Les du om ein hest og ser eit bilde av ei ku, så kan det hende du trur saka handlar om ei ku. Så stor makt kan bildet ha.

29. august 2017; ei tabloidavis på nett fortel om ein sakna student som er funnen død. Sakna i to veker, sporlaust borte, endeleg funnen. Ein stor tragedie for dei det angår. På kvar si side av teksten ser du bilde av to dresskledde menn. Dei har kraftig studiolys i ansiktet, og smiler påtatte studiosmil. Når du blar deg nedover i teksten så følger bilda av dei smilande mennene trufast med. Kontrasten er stor. Det er ramme alvor og funnet av ein ung student som har vore sakna i to veker. Og det er reklame for TV-underhaldning som på overflatisk vis framstiller finstrigla menneske. Guten er død. Folka frå «Luksusfellen» smiler. Og blar du deg vidare nedover i teksten om funnet av Rakavan, som guten heitte, får du tilbod om å innfri kredittkortgjeld på 150.000 og attpåtil kan du kjøpe deg ein reol, til «kun kr. 4260».

Gjer det noko med oss, at reklame lyser mot oss alle stader? Reklamen fortel deg kva du skal sjå, kjøpe, tenke, lytte til, stemme, og framfor alt, korleis du skal sjå ut. Og du finn han alle stader. På trikk, på buss, på haldeplassar, på veggar overalt kor du går i sentrum. Mest i storbyen, men du finn det også om du bur i Førde; i avisa, i sosiale medium og kor enn du beveger deg på nett. Og til og med når det er snakk om ein personleg tragedie og ein ung manns død, smiler reklamefolka trufast mot lesaren. Eg trur det gjer noko med oss.

Av Beate Haugtrø