Close

Del innlegg

Kan du førestille deg eit liv utan sofa? Denne hausten i Førde har eg levd utan. Eg skal love deg at det ikkje er det same å sitte rett opp og ned i ein skinnstol, same kor god stolen er å sitte i. Å ligge i slapp sofapositur er eit av dei store privilegia i livet, og det skal ikkje undervurderast i eit folkehelseperspektiv.

Eg lengta etter sofa, men skulle vere i byen berre halvanna månad til, vel vitande om at eit sofakjøp på Bohus ville sendt førjulsbudsjettet rakt ned i kjellaren. Heldigvis fanst det råd. På facebooksida «kjøpe-selge-leie-bytte-gis bort i Førde og omegn», er det høg aktivitet, og ein kan få inntrykk av at nesten heile byen har noko dei vil ha selt til høgstbydande. Sofa, skap, iphone, symaskin, spegel, kommode, bil, spisebordstolar, sko, vinterdekk og kjøkken- lista over kva førdianarane har lyst å kvitte seg med, er tilnærma uendeleg. Sist søndag dukka det opp eit bilde av ein blå sovesofa. Han var sliten i stoffet, men kva gjorde det? Sofaen var gratis, og så liten at det burde gå greitt å frakte han. Saka var avgjort.

Sofaen var dessverre ikkje så liten at han fekk plass i ein Toyota Yaris. På vegen heim stoppa eg for å ta ein telefon. Ein spak kvesande lyd då eg vrei om bilnøklane, vart svakare for kvart forsøk. Den velgjerande sofaeigaren trødde til med startkablar, og utleigaren min trødde til med eigen bil for å sjå om sofaen fekk plass. Ei margin på nokre knappe centimeter gjorde sitt til at vi returnerte med uforretta sak.

Dag to tilbydde sofaeigaren seg å hjelpe til med frakta. Kassebilen var meir enn stor nok, men då vi kom fram til inngangsdøra vart det igjen for smalt. Snart sto eg med sofaen halvvegs inn eit vidope stovevindauge. Å dytte han lengre inn gjekk ikkje. Var eit sofaliv i friluft det eg hadde i vente resten av hausten? Fjordutsikt, frisk luft og glimt av sol ville jo vere fint, og eg hadde både termodress og termos i bakhand. Nei, slaget om vindaugsvegen inn til stoveplass var ikkje over. Med skrujern vart det demontert ein tversliggande sofafot. Frå å vere ein uhandterleg kloss vart ramma på sofaen til ei vinkelform som kunne smettast inn hjørne for hjørne. Sofaen kom på rett side av veggen, og termodressen fekk ligge i klesskåpet. Eg kunne endeleg starte mitt sofaliv i Førde, seint men godt.

No sit eg her i sofakroken med vekas «skrivekløe», og tenker å bli her fram til eg forlèt byen før jul. Å få det blå mirakelet ut av stova att overlèt eg gladeleg til neste leigetakar. Eg vil nok helst anbefale å la han stå der han står. Ein sofa bør ein jo uansett ha, for folkehelsa si skuld. Men om den nye leigetakaren skulle ønske å kvitte seg med stovas beste møbel, så er nok redninga berre nokre få klikk unna, takka vere Førdes kokande bruktmarknad.

Av Beate Haugtrø