Close

Alt kjem for ein dag

Del innlegg

– Alt kjem for ein dag, seier mor mi. Setninga er velbrukt. Hadde den vore fottøy, ville den stått på trappa med glis i kvar saum, i lag med fjellskoa til bestemor. Men det er lett å utnytte tankeløyse hos andre. Eg er ikkje åleine om å høyre at det berre er å nikke og smile, når bussjåføren framleis slår inn studentbillett til meg. «Den som finn han vinn»-tenkinga har ein lei tendens til å gjelde sjølv når du såg kven som mista.

Førre veke vart store delar av Noreg beint fram sjokkerte over pensjonist Roald Magnussen, som sette seg på kafé og venta på eigaren av bilen han var borti og ripa opp. Saka vart delt utover landegrensene våre. Avis på avis bretta ut den store hendinga: «Arve Helle vart nesten rørt til tårer». Endeleg handfast bevis på at det finst ærlege sjeler i verda!

For eit par år sidan gjorde ei venninne av meg eit tappert forsøk på å lukeparkere inne i eit parkeringshus. Femten minutt seinare stod vi endå i parkeringshuset, men med nyklistra knallrosa lapp på frontruta på bilen ved sida av. Venninna snakka i telefonen med forsikringsselskapet. Eg stod attmed ho, tommeltvinneansvarleg og speidande etter sinte bileigarar. Vi gjekk ikkje før vi var sikre på at vi hadde gjort det vi kunne for at bileigaren med ein gong skulle sjå kven som hadde skuld i pigmenttapet på doningen. Og vi kom ikkje i avisa.

Eg tvilar på at alle bulkesyndarar som ikkje ventar på bileigaren eigentleg er direkte kjeltringar. Det kan ligge fleire grunnar bak. Kanskje prøver dei berre å gjere det lettare for seg sjølv enn dei har godt av. Det er nemleg enklare å gå frå åstaden enn, å stogge opp og risikere å verte audmjuka. Kven kan peike ut at det var nett du som gjekk?

Men då må du vente på at samvitet tek deg att. Eller du kan sky audmjukinga og konflikten til du ein dag les i avisa om nokon som for éin gongs skuld har vore ærleg. Og du kan sitje der med avisa i hendene og kjenne korleis det svir.