Close

Men opp kom eg!

Del innlegg

Juni 2016: Klokka nærmar seg to på natta. Trur eg. Telefonbatteriet har trekt sitt siste sukk. Eg sit på ein stein midt i ei bratt fjellside og tvinnar tomlar. Høyrer på skogen og lurar på kor mange fjellvettreglar eg har halde meg for god for. Ventar på at nokon skal finne meg.

I juni, juli og august i fjor hadde Raudekrossen 390 søk- og redningsoppdrag i norske fjell. Årets tursesong har allereie starta, og vi har hatt fleire alvorlege turulukker. «Eg fekk hjartet i halsen», uttala fjellguide Tommy Soleim til TV2 denne veka. Han hadde fått auge på ein uvitande skigåar ytst ute på ein frittståande snøskavl. Der var ikkje fast fjell under skia. Og om ein knapp månad vil nyhenda handle om utanlandske turistar som prøver å stige opp på Trolltunga i crocs og høghæla sandalar. «Kven i alle dagar er det som set opp telt midt på Trolltunga», ler vi rått. Det er jo ikkje til å fatte at det går an.

Men i juni i fjor skulle eg altså gå kveldstur opp på ei lita høgd i Volda. Eg hadde gått på fleire sunnmørsfjell før, og skulle teste brattleiken opp mot Rotsethornet. Før eg ana det hadde eg klatra stupbratte parti etter tau og berre nevane. Eg stod på toppen, over 600 meter over havet, i joggesko og tights. Klokka var elleve på kvelden.

Så skulle eg vere smart og gå ned att etter ei anna rute.

Ei veke etterpå var eg framleis støl, og hadde gnagsår etter helikopterreima på låret. Telefonen ringde, kvassare enn vanleg. «Kvifor har du ikkje fortalt meg om fjellfadesen din?!» Bestemor hadde kome heim frå takkebakst med veninner, med meir enn lefser i bagasjen.

Svaret er at å køyre SeaKing-helikopter i ein time kosta nesten 200.000 kroner i 2014, ifølgje Nettavisen. Redningsinstansane som måtte hente 34-grader varme meg ned, måtte nok betale meir enn kroner og øre. Helikopter og hundepatrulje måtte til. Kanskje hadde eg hatt godt av å få rekninga i posten.

Eg kom meg opp, det skal eg ha. Men eg håpar dette er siste gong eg heng og dinglar under eit helikopter. Og at du slepp.

I alle fall utan å ha bestilt turen sjølv.