Close

På date med asfalten

Del innlegg

Denne årstida er perfekt for klønete åtferd. Sjukehusa får nye pasientar med fallskader kvar islagde dag. Kvar gong eg tek på meg sko med høge hælar, ser eg føre meg korleis eg ser ut når eg går på trynet. Når eg går opp eller ned ei trapp òg. For eg er sjølvutnemd verdsmeister i snubling, skliing og fall. Eg har ramla i trapper så mange gonger at armane mine har fått sin eigen forsvarsposisjon. Då ser eg ut som ei dårleg etterlikning av anatomiteikninga til Leonardo Da Vinci.

Den første fortvila tanken som slår meg, er «Kven såg meg no?!» Det fascinerer meg kvar gong eg hamnar på date med anten trappa eller asfalten. Kvifor vert eg så flau over noko eg ikkje har kontroll på? I psykologien handlar det om overlevingsinnstinkt. Eg må ikkje verte utstøytt frå gruppa, for gruppa overlever alltid. Men det er framleis viktigare om akrobatikken min vart oppdaga, enn om eg slo meg forderva i prosessen.

Flauskap for meg, er ein kløe som ligg mellom hjernen og skallen, og som kan spreie seg til resten av kroppen. Det kan kutte handlefridomen din betrakteleg. Eg har to typar flauskap: Kategori éin: Når eg er flau over eit val eg har teke, og kategori to: Når eg er flau over noko som berre har skjedd.

Eg har zombie-fobi. Det inngår i kategori to. Første gongen eg såg zombiefilmen Resident Evil, var eg paranoid i eitt år etterpå. Mengdetrening hjelpte ikkje. Eg var for flau til å seie ifrå då eg vart invitert på kino for å sjå Død Snø. Då Skavlan viste ein snutt av popkultur- og TV-fenomenet The Walking Dead, måtte eg reise meg frå sofaen og gå. Eg kan ikkje kontrollere at eg blir så redd. Men eg får lyst til å finne meg eit lite krypinn å døy i når eg må fortelje kvifor eg ikkje er overentusiastisk til hyttetur i påskeferien. Då er det mykje lettare å le når eg går i spagaten på isen.

Men det går som regel bra. Eg veit at det ikkje kjem noko opp av utedoen og et meg, sjølv om det ikkje er så kjekt å sitte der. Og det fine er at eg ikkje er åleine. – I alle fall om å tryne.