Close

Påskeverdiar som bleiknar

Del innlegg

GULE KYLLINGAR, prikkete egg og illusjonar om at ein loden hare hoppar rundt med godteri. Gule lys, gule serviettar og gule dukar. Påske som vi kjenner den. Alt er så gult at sola nesten falmar der den skin over kvikklunsjetande turgåarar.

VI FØREBUR OSS på lange bilkøar når alle skal same vegen onsdagen før påske; ut av byen, opp i høgda. Helikopteret til p4 svirrar over hovudstaden for å fortelje deg kor mange timar du bør belage deg på å sitje i kø. Veit borna som sit i baksetet med påskekylling-spel på iPaden eigentleg kvifor vi har fri frå skule og jobb desse dagane? Og kanskje endå viktigare, veit foreldra nok til å fortelje dei det?

NORGE VIL VERE eit religionsnøytralt land. Som våre nordiske naboar blir landet vårt meir og meir sekularisert, og dei kristne verdiane bleiknar. Skular og barnehagar lærer etter kvart like mykje om ramadan som om påske og jul. Men likevel er alle kalendrar i landet vårt merkte med raudt i påske, pinse, jul og på kristihimmelfartsdag.

PÅSKEN ER EI religiøs høgtid i kristendommen og jødedommen. I Bibelen handlar påsken i korte trekk om at Jesus døydde på eit kors, og tre dagar seinare stod opp frå dei døde. Det er sjølve grunnsteinen i kristendommen. Vi brukar framleis namnet på dagane i påsken til dagleg. Burde ikkje både små og store då vite kva skjærtorsdag og langfredag eigentleg står for?

DERSOM VI VIL vere eit religionsnøytralt land, bør vi kanskje heller ikkje feire dei kristne høgtidene framfor andre religionar sine høgtider? Skal ein berre presse nokre feriedagar ut av kristendommen, for så å seinare fornekte å ha noko med den å gjere?

KANSKJE BURDE EIN lage ein ny kalender, og finne andre grunnar til å ha fri dersom ein skal kalle seg eit religionsnøytralt land?

DERSOM BORNA spør «Kvifor har vi fri denne veka?» Kva svarer dei vaksne? Er det fordi vi vil ta vare på den kristne kulturarven som landet vårt er bygt på, eller er det fordi ein vil ha ferie og jakte på påskeharen?