Close

Tid for å teste vengene

Del innlegg

DÅ EG KOM til Førde for snart fire månader sidan, kjøpte eg ei flaske med solsikkeolje til å ha på kjøkkenet i campinghytta vi har leigd. Mange tacomiddagar og travle dagar seinare, er flaska nesten tom. Det nærmar seg avreise frå Førde, og vi praktikantar skal prøve å fly ut av reiret på eigne venger.

Å GJERE DET skrivne ord til levebrødet mitt har så lenge eg kan hugse vore draumen min. Eg kom til Førde med høge forventningar og sommarfuglar på storleik med ei havørn i magen. Eg reiste frå vener, familie og leilegheita i Stavanger av ein einaste egoistisk grunn; for å bli journalist. Men då eg kom til Førde og høge trugande fjell omringa meg på alle kantar, slo det meg at eg skal ikkje berre bli journalist – eg skal bu her.

FIRE MÅNADER i Sunnfjord har bydd på både godt og vondt. For ein vaskekte rogalending som er van til å vakne med fjorden og havet så langt ein kan sjå rett utanfor soveromsglaset, var det rart å sjå fjell og snø på alle kantar. Januarkveldane var mykje mørkare enn i oljebyen, ingen stoppa for å la hundane helse på kvarandre og Gina Tricot finst ikkje på kjøpesenteret. Det einaste folk likte å gjere her var å gå på ski. Eg var skeptisk.

DÅ EG KOM til Firda vart eg møtt av ein ung og nyskapande redaksjon. Oppdrag og utfordringar kom på løpande band. Eg har køyrt på smale vegar til Askvoll med livet som innsats, og eg har ete komle med verdsmeister Terje Ness. Eg har serva hundrevis av volleyballar og tapt dei fleste quizane på Pikant i lag med gode kollegaer.

SNART BRUKER EG den siste dropen av solsikkeolja, og reiser sørover igjen. Med meg i ryggsekken frå Sunnfjord har eg gode minne, vener for livet og ikkje minst mykje ny lærdom – både om meg sjølv og om journalistikk. Og eg har blitt ein betre skiløpar.