Close

Nådelaus utstemming

Del innlegg

DET ER HØGSESONG for realityprogram på fjernsyn. Innhaldet i desse seriane er som regel jenter i bikini som ikkje ein gong får valkar når dei set seg ned, og muskuløse, tatoverte menn som trur at Islam er eit land. Eg sette meg lattermild til i sofaen, og tenkte at no skal eg verkeleg godte meg av desse praktfulle menneska. Og kva skjedde? Eg vart hekta. No poppar popkornet i mikroen medan introen til «Ungkaren Australia» rullar på skjermen.

NOKO SOM FEKK meg til å tenke – er poenget i alle desse fjernsynsseriane; nokon vert stemt ut. Har du nokon gong sett eit realityprogram utan utstemming? Det har ikkje eg.

REALITY ER røyndom på norsk. Er det røyndom vi ser på desse fjernsynsprogramma? Er det den harde sanning at verkelegheita består av utstemmingar, og at den mest kyniske står att som vinnar til slutt?

KJÆRLEIKSLIVET ER som i «Ungkaren», får du ikkje ei rose, ligg du dårleg an. Festar er som «Paradise hotell», dansar du ikkje på bordet og ristar på rumpa taper du og må gå heim utan ein partnar. Arbeidslivet er som «Masterchef», du må levere kjapt og smakfullt, viss ikkje er det du som må ryke og reise.

KRAVA OM Å lukkast er høge, og perfeksjonisme er kanskje på veg til å bli ein folkesjukdom. I mine auge er kvardagen vår alltid prega av utstemming. Er du ikkje ein god nok fotballspelar, vert du stemt ut frå A-laget, og må spele på B-laget. Har du ikkje merkeveske på skulen vert du kanskje stemt ut av den «kulaste» gjengen.

ER VI REDDE for å bli stemt ut av kvardagen? Lever vi med ei konstant frykt for å hamne på B-laget? Dei treng òg gode spelarar for å vinne kampar.