Close

Jonas Yang Tislevoll

Jonas er fødd i byen Daegu i Sør-Korea 7. september 1993. – Mi biologiske mor gav meg til adopsjon same dag, og fire månader gammal blei eg sendt til min nye familie i byda Fitjar i Vestland, fortel Jonas.

Dei siste åra har han halde til i Oslo, der han har studert fotografi, og samtidig jobba med historieforedling gjennom tekst og bilde.

Han seier at han alltid har vore fascinert av evna til å formidle historier gjennom tekst og bilde, og no ønskjer å lære meir om dette.

Jonas er oppvaksen med nynorsk, men har nytta mykje bokmål dei siste åra. Det vil han no gjere noko med. – Eg ser på Nynorsk avissenter som ei fin moglegheit til å ta tilbake den nynorske identiteten min, og kunne bruke den i kvardagen, seier han.

Foto: Ingunn Osland

Lengsel etter storbyen

Eg gjer mange val, som eigentleg ikkje er slik eg tenker at eg burde velje. 4 månader gammal vart eg ufrivillig adoptert frå Sør-Korea i 1994, til Fitjar i Vestland.

Les meir →