Close

Lengsel etter storbyen

Del innlegg

Eg gjer mange val, som eigentleg ikkje er slik eg tenker at eg burde velje. 4 månader gammal vart eg ufrivillig adoptert frå Sør-Korea i 1994, til Fitjar i Vestland. Ein brå og kronglete start på livet. Eg forstod tidleg at det er noko vakkert, fint og trygt med å bu på bygda. Likevel har eg alltid drøymt meg bort til livet i storbyane.

Mor mi hadde eit sterkt ønske om at eg skulle studere noko akademisk. Då kunne eg få ein trygg jobb heime på Fitjar. Det enda i altfor mange friår etter vidaregåande. Då valet endeleg fall vart det ei kunstnarisk utdanning som fotograf. Mor mi forstod det ikkje. «Er det noko å jobbe med,» spurde ho før eg sette meg på flyet til Oslo for å ta fatt på storbylivet. Etter nokre månader kom det heldigvis ein pandemi. Oslo kapitulerte og eg vart nøydd til å flytte på meg.

Eg har alltid snakka høgt om å bu i ein by. Høge sjokkbølger reiste seg heime i Fitjar då eg fortalde om planen. Som var eit semester i Karasjok. Som utdanna fotograf var eg klar for arbeidslivet. Ho mor spurde meg undrande: «Kvar i landet finn du nokon som kan tilby deg ei 100 prosent stilling?» Eg svarte: «Eg ønsker ikkje fast jobb, eg vil vere frilansfotograf i Sør-Korea.» Mor sukka. Meir oppgitt enn fortvila.

Frå eit rom i Seoul såg eg ein annonse om moglegheita til å lære journalistikk hos Nynorsk avissenter. Tankane svirra, og eg spurde meg sjølv: «Skal eg no prøve å formidle historier gjennom tekst og ikkje bilde?» Søknaden vart til slutt sendt.
Medan eg venta på svar møtte eg ei draumedame. Sjølvsagt budde ho i Oslo.
Det føltest som verdas enklaste val for meg. Flytt til Oslo og følg kjærleiken.
Nå sit eg i Førde med følelsen av at eg tok feil val, mot min eigen vilje.
Det gjer forferdeleg vondt.

Eg har forresten høyrt at nummer 124 «Varm kjærleik» på den lokale restauranten Bambus her i Førde er særdeles god.