Close

Theo B. Wilson

Theo Blacklaws Wilson (1993) frå Flekke i Fjaler kommune i Sunnfjord er praktikant i Nynorsk avissenter, kull 14 våren 2020.

Theo har vore nynorskbrukar sidan 2001 då familien hans flytte frå Birmingham i England til Sunnfjord og United World College. I 2019 kom Theo tilbake til Sunnfjord med ein fersk master i engelsk litteratur frå Glasgow. Frå før har han ingeniørutdanning frå Noreg, men språkinteressa tok overhand, og i litteraturen fann han ein journalistisk modus. Det sette han på sporet av ein journalistkarriere, sjølv om han i mellomtida har arbeidd som lærar.

 

Skrivekløe

Under kan du lese petitar som Theo har skrive for Firda i spalta «Skrivekløe». Praktikantane leverer fast til denne spalta, som står på trykk i Firda kvar laurdag.

Foto: Ingunn Osland

Joe Biden, jo betre?

Trass det breie utvalet dei byrja med, har demokratane i USA spissa det ned til to kandidatar: Ein gammal kvit mann, og ein litt eldre kvit mann. Ein av dei

Les meir →

Kor er mitt sinne?

I om lag 1317 dagar har eg vore sint. I førre veke byrja eg å kjenne noko nytt: Eg vart ufatteleg trist. Dette var ukjent farvatn, ei kjenslemessig tåke, og

Les meir →