Close

Synne Muren Olsen

Synne Muren Olsen (1994) frå Sveio er praktikant i Nynorsk avissenter, kull 15 hausten 2020.

Synne har fullført bachelor ved universitetet i Wollongong i Australia. Her valde ho å ta major i journalistikk og har fått erfaring med å produsere innhald i form av tekst, lyd og video. Samfunnsengasjement, og spesielt innsikt i likestilling og mangfald etter eit årsstudium ved NTNU, tar ho med seg inn i journalistikken. Nynorsken har ho med seg frå oppveksten i Sveio, eit spennande språkområde med Haugesund som nabo i sør.

 

Skrivekløe

Under kan du lese petitar som Synne har skrive for Firda.

Foto: Ingunn Osland

Kampen om kvalpen

Eg var åtte år gamal då eg dreiv med seriøst journalistisk arbeid for første gong. Kvar morgon sat eg med avisa framfor meg ved frukostbordet. Auga mine speida etter informasjonen

Les meir →