Close

Marita Haugsdal

Marita vaks opp i ei lita bygd i Gulen, ytst i Sognefjorden. Førde er ikkje nokon ny stad for ho, for ho har allereie vore her i tre år då ho tok ein bachelor i sjukepleie.

Ho flytta deretter til Bergen for å jobbe i akuttmottak, så det å jobbe under press er ikkje ukjent for ho. Ho trivst som sjukepleiar, men har kjent på ein spirande journalist inni seg. – No tek eg ein ny bachelor, denne gongen i sosialantropologi, noko eg tenkte eg kunne vere nyttig for å mate den spirande journalisten. Derfor er eg veldig glad for at eg frå januar av får opplæring og erfaring i Nynorsk avissenter, seier Marita.

Ho gler seg til å komme tilbake til Sogn og Fjordane. For sjølv om fylket no heiter Vestland, så kjenner Marita på stoltheit og identitet til gamlefylket.

Foto: Ingunn Osland

Utkvilt journalist

Eg har aldri vore noko anna enn ein sliten helsearbeidar. Heilt frå eg var tenåring har eg jogga rundt i korridorar på sjukehusa i tide og utide. Eg lurar på

Les meir →