Close

Utkvilt journalist

Del innlegg

Eg har aldri vore noko anna enn ein sliten helsearbeidar. Heilt frå eg var tenåring har eg jogga rundt i korridorar på sjukehusa i tide og utide. Eg lurar på om andre profesjonar blir like nervøse når det er fullmåne som sjukepleiarar blir før ei vakt. Eller om dei må slå tre gongar i bordet dersom nokon vågar å lire av seg frasen «her var der roleg». For eg er ikkje overtruisk, men alle sjukepleiarar er livredde for at vakta skal bli travel, og at du må gå heim med ei sprekkfull blære og ein innskrumpa magesekk.

Skilnaden mellom sjukepleia og journalistikk er enorm. No har eg riktig nok ikkje opplevd dei travle dagane på Firda, men eg synest det er umåteleg stille her. Ingen pasientar som ropar i gangen, ingen blålys og sirener som durar utafor inngangsdøra. Ikkje ein gong ein illsint pårørande som ventar på glaset med vatn du lovde å hente, men gløymde då du måtte byrje med hjartekompresjonar på naborommet. Nei, den einaste likskapen eg ser, er kaffimaskina som aldri får fred.

Men, legg eg godviljen til, kan eg sjå nokon like problemstillingar. Som når ei kjelde skal skrive sitt eige namn på blokka, men har dårleg handskrift. Det blir som når legen skriv voltaren på resept, men du tolka det som viagra. Konsekvensane blir rett nok ikkje like store, men gje meg heider for å prøve å samanlikne yrka i det minste.

Tida som praktikant skal bli ei identitetsjustering. Eg skal gå frå å vere ein sliten helsearbeidar, til å bli ein utkvilt journalist. Eg skal ha forsyningar på skrivebordet, så eg aldri meir treng å gå svolten gjennom ei vakt. Eg skal ta telefonintervju medan eg sit på toalettet om eg må. Det er i alle fall slik eg har tenkt det skal bli.