Close

Eline Krøvel

Eline kjem frå Volda, men har dei siste åra budd i Oslo, der ho har studert litteraturvitskap ved UiO. Til Oslo gjekk turen via eit år i Bergen, der ho tok psykologi ved UiB.

No legg ho vegen vestover igjen, og er klar for Nynorsk avissenter. Ho seier at Litteraturtidsskriftet Lasso, som ho har jobba for i studietida i Oslo, har vore med å vekke interessa for redaksjonsarbeid og skriving. – Eg har vakse opp i eit lite lokalsamfunn med sterk «bygdeånd» og språkidentitet. Dette har eg integrert i min eigen språkbruk så vel som i eige engasjement, seier Eline.

Ho legg til at nynorsk alltid har vore ein viktig identitetsmarkør for ho, særleg i «bokmålsbygda» Oslo.

 

Foto: Ingunn Osland