Close

Ei skjebnesvanger holmaskin – svaret på ein rusten framtidsdraum?

Del innlegg

Før opptaket til Nynorsk avissenter var journalistyrket ein framand og støvete tanke for meg. I oppkøyringa til semesteret her kom eg til å tenke på ein rusten framtidsdraum frå minst ti år tilbake: eg skulle bli utanrikskorrespondent. Skoren over same lest som CNNs Christiane Amanpour eller vår eigen Åsne Seierstad skulle eg uredd vandre gjennom både minefelt og skyttargraver, og i fryktlaus stil à la Louis Theroux stille folk til veggs. Eg skulle pryde meg med eigenskapar som frimodigheit, eventyrlyst og rotløyse.

Usikker og prøvande gjekk eg i gang med psykologiutdanning som eg etter kvart avslutta, eit lengre opphald på den sørlege halvkule der badevatnet er litt varmare, og litteraturutdanning som eg etter litt om og men klarte å fullføre. Korrespondentdrøyminga la eg, ubevisst eller ikkje, på ei hylle bakarst i minnebanken.

Flakkande og rotlaus, via Volda, Bergen, Sydney og Oslo, landa eg til slutt i Førde. Sjansen eg har fått i Nynorsk avissenter har pirra nysgjerrigheita, rykt i flyttefoten og stemt i med rotløysa. For ein sunnmøring å utvandre over Utvikfjellet via Nordfjord til Førde, ein stad eg tidlegare berre har vage minne om frå volleyballturneringar og Peppes Pizza, var ein måte å dyrke eventyrlysta på. Trass i mangelen på skyttargraver og miner, har eg lært berre i løpet av dei første dagane som nynorskpraktikant i Firda at ein ikkje treng leite lenge etter konfliktane og at det som internasjonalt sett er saker i småskala, kan vere både skakande og opprivande i lokalsamfunnet dei rammar.

Då eg, heilt tilfeldig, valde ut min kontorplass for dei neste fire månadane og starta bli kjent-prosessen med å justere kontorstolen og plugge inn datamaskina, fann eg plutseleg ei holmaskin i eine skuffa i pulten. På den stod det Eline. Holmaskina eg fann ved pulten, kan eg informere om tilhøyrer ein annan journalist på huset med same namn – skjebnesvanger eller ikkje, eit eller anna må ho vel bety.

Ikkje visste eg som stordrøymande ungdomsskuleelev at det var i Firda-redaksjonen eg skulle finne meg sjølv.