Close

Anne Lotte Ognedal

Anne Lotte kjem frå Bjerkreim kommune i Rogaland. Men vegen til Førde har gått via både inn- og utland. Først Sandnes, så Brighton i England, så Oslo – og i januar altså til Førde. 

– Til no har livet mitt bestått av eit tiår med teater, både praktisk og teoretisk, pluss ein bachelorgrad frå England innanfor humanistiske fag. Dette er fagfelt eg interesserer og engasjerer meg for akademisk, og også personleg. Likevel, ein gjennomgåande kjærleik for språk, spesielt nynorsk, og skrivekunsten gjer at eg ønskjer å bli journalist, seier Anne Lotte.

Sjølv om ho oppvaksen i ein nynorskkommune måtte ho forsvare valet sitt om nynorsk som hovudmål då ho tok til på vidaregåande i ein nabokommune. No ønskjer ho å formidle nyheiter til andre som føretrekker å lese nynorsk.

Foto: Ingunn Osland