Close

Sogn og absolutt-ikkje-ferjefri-Fjordane

Del innlegg

«Heimlengselen min blir kurert når ferja forlèt kaia.» Denne utsegna overhøyrde eg på reisa mi til Førde. Det var ein samtale mellom to unge jenter som prata om kor gildt det var å reisa heim på grunn av ferja.

Eg kjem frå Rogaland. Der liker ein ikkje ferjer. Der dansar ein på taket når ei ferjestrekning blir erstatta av ein tunnel. Det var då eg innsåg kor mykje eg ikkje veit om mitt nye liv i Førde. Kva opptek førdianarane? Kva opptek sogningar og fjordingar? Er det i det heile tatt lov å nemna det gamle fylket? Blir eg «cancelled» no?

Og kva med kommunesamanslåing då? Blir ein putta i gapestokk framfor Førdehuset om ein nemner vindkraft? Kven er folkeheltane? Kva lokale og regionale songar blir gaula på fest? Eg veit ikkje om eg er klar til å byte ut «Tore Tang» med Kjartan Lauritzen.

De rullar på r-ane. Der stoppar det for meg. Eg veit foreløpig ikkje om ein person er frå Førde eller Volda. Mi eiga dialekt ligg ein stad mellom Ingebrigtsen-brørne og Erling Braut Haaland. Eg veit så vidt kor de bur på kartet. Ja, eg kunne nok ha undersøkt meir før eg flytta, men eg var oppteken med å danse på taket til «Tore Tang.»

Kanskje er jentene på ferja i mindretal. Kanskje hatar resten av dykk dei 25 minuttane de har på å kjøpe sveler som kostar ei halv timeløn. Eg. Veit. Ikkje.

Men eg gler meg til å lære. Og ein ting veit eg – eg kjem ikkje til å byte ut «Tore Tang» sjølv om eg no bur i Sogn og absolutt-ikkje-ferjefri-Fjordane.