Close

– Eg er hamna på køyret. I ein altfor ung alder

Del innlegg

Eg er hamna på køyret. I ein altfor ung alder. Eg har ikkje nokon grunn. Ingen småungar som held meg vaken om natta. Ikkje ein spesielt stressande kvardag. Eg er ikkje begynt å dra på åra. Likevel er eg hamna på køyret.

Eg er hamna på middagslurkøyret. I ein alder av 26 år. I mitt hovud skal eg ikkje vere den typiske ettemiddagsdøsaren. Det er ein person som er grå i håret, et middag i totida for deretter sove middag. Etter luren set han seg i godstolen med pledd og briller for å vente på at Dagsrevyen begynner. Om godstolen ikkje er altfor god, noko den ofte er, går han ein tur før senga kallar i nitida. Det er ikkje meg. Eller?

Ein vanleg dag kjem eg heim frå jobb i firetida. Eg er ofte litt sliten og skal nett berre kvile ei lita stund, før middag, trening eller anna ventar. Eg legg meg i senga og sloknar straks. Omkring ein time seinare vaknar eg. Eg er ikkje utkvilt. Eg er derimot tung i hovudet og meir sliten enn før luren. Søv eg endå lenger, risikerer eg å vakne utan å vite kva hundreår eg er i.

Eg veit at det blir slik. Likevel gjer eg det gong på gong. Eg vil ikkje fortsette slik. Eg treng hjelp. Ein seier at første steg på vegen mot betring er å erkjenne at ein har eit problem. Eg er såleis på god veg.

Hittil denne veka har eg klart meg utan ein lur. Eg veit at freistinga vil kome. Eg søker derfor råd. På internett.

Eg ser fort at eg gjer mange feil. Eg mistenker at det er fleire i same båt. Eg skal derfor spreie noko av det som står i den anerkjende artikkelen «How to power nap like a pro». Der står det fleire tips. Mellom anna skal den optimale høneblunden vere på 15–20 minutt. Blir den lengre, hamnar ein i djup søvn. Dette er kunnskap, som eg strengt tatt har vore klar over, men ikkje har følgt.

Avslutningsvis i artikkelen får eg eit tips som overraskar meg, men som eg umedvite har følgt. Mang ein gong har eg kome heim, vore sliten og tenkt at kaffi gjer susen. Likevel har eg sovna rett etterpå. Det skal visst vere genialt. Her kjem hemmelegheita.

Koffeinen verkar først etter 20–45 minutt. Å drikke ein kopp kaffi og deretter sove siesta skal derfor vere ein perfekt kombinasjon. Det er visst ikkje så dumt med middagslur likevel. Utfordringa blir å sette alarmen på 20 minutt og ikkje ein time.

Av Oda Heggedal Longvastøl