Close

Fem får plass til hausten

Frå venstre Ida Johanne, Hilde, David, Vilde og Janne Merete. Bildemontasje: Bent Are Iversen
Frå venstre Ida Johanne, Hilde, David, Vilde og Janne Merete. Bildemontasje: Bent Are Iversen

Del innlegg

Ida Johanne Aadland (frå venstre), Hilde Greve Mo, David Sviland, Vilde Øines Nybakken og Janne Merete Bøyum er nynorskpraktikantane som startar opplæring i Førde 20. august 2018.

Nynorsk avissenter hadde 19 søkjarar til kull 11, og i søknadsbunken var det mange sterke. Blant dei fem som til slutt er sikra plass, er fire kvinner og ein mann. Slik sett er det tilbake til normalen etter at fire menn utgjorde heile kull 10. Sidan starten i 2013 er det så langt 24 kvinner og 17 menn som har gjennomført opplæringa. Det er elles god geografisk spreiing denne gongen. Nynorskpraktikantane kjem frå Narvik i nord til Sandnes i sør.

Ida Johanne Aadland (19 år) kjem frå Samnanger i Hordaland. Ho kallar seg sjølv ein nynorskentusiast som set pris på at nynorsken vert teken vare på i den norske medieverda. På Høgskulen i Volda tek ho historie og entreprenørskap i kulturnæringar, og dette kombinerer ho med eit breitt engasjement i samfunnsbyggjande organisasjonar. At Ida Johanne er glad i friluftsliv året rundt, viser att i ungdomsbedrifta som gav ut «Turgleder», ei bok på 70 sider.

«Eg vil bli nynorskpraktikant og journalist fordi eg bryr meg om kva som skjer både lokalt og globalt, og har lyst å bruke framtida mi på å formidle det på ein god måte.»  

Hilde Greve Mo (28 år) har siste åra arbeidd som kommersiell innhaldsprodusent i København, men har etter kvart kome fram til at det heller er nyhendeformidling ho ønskjer å jobbe med. Frå København har ho ein mastergrad i retorikk og frå Bergen mellom anna bachelor i medievitskap. I studietida arbeidde ho i Bergen Student-TV og var praktikant i TV2. Ho har òg journalisterfaring frå Sogn Avis, der ho også har vore spaltist. Hilde er opphavleg frå Leikanger i Sogn og Fjordane.

«Eg ynskjer å læra meir om ulike nyhendesjangrar og medium. På toppen av det heile får eg formidla på målføret mitt.»

David Sviland (29 år) bur i Oslo, der han arbeider som norsklærar. Han kjem frå nynorskbygda Sviland utanfor Sandnes i Rogaland og ser kor viktig det er at det blir skrive meir nynorsk i media. Sjølv ønsker han å bidra til nettopp dette. David har vore medredaktør i Litteraturtidsskriftet Kamilla og har journalistpraksis mellom anna frå magasina Erlik Oslo og På Stranda. Har har mastergrad i nordisk litteratur etter tidlegare å ha studert mellom anna pedagogikk og samfunnsfag.

«Sjølv om det er lite som gjer meg meir tilfreds enn å høyre Oslo-ungdom bøye verb på nynorsk, er det journalistikk eg helst vil arbeidde med.»

Vilde Øines Nybakken (25 år) kjem opphavleg frå Bjerkvik i Narvik i Nordland. Etter vidaregåande skule på Svalbard gjekk turen til Trondheim, der ho no tar mastergrad i nordisk litteratur. Frå før har ho bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. Parallelt med studiet har Vilde eitt års journalisterfaring frå studentavisa Under Dusken, og ho har vore tekstforfattar ved NTNU. Nynorsken har stor plass på nordisk-studiet, og no vil Vilde gjerne finne si stemme på nynorsk.

«Samfunnsengasjementet og sansen for nynorsken har vore der så lenge eg kan hugse.»

Janne Merete Bøyum (23 år) kjem frå Fjærland i Sogn og Fjordane, der ho for tida arbeider ved Norsk Bremuseum. I Bergen har ho studert nordisk språk og litteratur, og der har ho òg i to år arbeidd i kulturredaksjonen i studentavisa Studvest. I tillegg har ho bakgrunn som skrivar i Studentmållaget i Bergen etter eit par år i landsstyret i Norsk Målungdom (NMU). Utanom målsaka er Janne Merete også engasjert i korps, 4H og anna frivillig arbeid.

«Nynorsk avissenter er ei kjempemoglegheit, og sjølv om storbylivet er spanande, vil eg få stor glede av å komme heim til trivselsfylket.»