Close

Forsvaret rosar nynorsken

Del innlegg

Svein Olav Sæter (21) frå Molde trivst i Forsvaret – og har klipt det lange håret.  Privat foto

Av Svein Olav Sæter, presse- og informasjonssoldat i Luftforsvaret

Eg er i dag presse- og informasjonssoldat for Luftforsvaret, og jobbar til dagleg på Luftforsvarsstabens hovudkvarter på Rygge. Her sit eg og skriv om ting som skjer i Luftforsvaret, enten for intranett, internett, eller magasinet F. Eg er også assistent for kommunikasjonssjefen og alle andre offiserar som kjem innom kontoret med stort og smått.

Det er ein interessant jobb, kor eg får sjå innsida av ein nokså stor organisasjon, og kor eg får skrive saker med kjelder eg aldri hadde hatt tilgang til som ein vanleg journalist. Av og til får eg òg bestillingssaker ovanfrå. Da er det vanlegvis ganske fritt, så lenge eg skriv om dei/det eg skal, men det er jo implisitt at ein ikkje skal komme med noko for kritisk til Luftforsvaret som eining.

Nynorsk avissenter førebudde meg utruleg godt for jobben, og sjølv om eg ikkje tok til med nynorsk før i januar i fjor, er eg den mest språksikre på kontoret, og eg må ofte gje tips og triks til dei andre der, som diverre berre skriv bokmål. Både under intervju og vidare arbeid var det eit klart pluss at eg skreiv nynorsk. Sjefane synest det er stas å få opp nynorskdelen, som staten no seier dei skal stramme inn, og eg har fått kommentarar frå dei eg skriv om, at dei synest det er kjekt at sakene blir på deira eige mål.

Publisert 28. februar 2018