Close

Trafikken i Førde – Minutt for minutt

Del innlegg

Eg hadde store forventingar om tilværet som bilist i Førde. For ein som ikkje er særleg glad i dei bergenske trafikkforholda, skulle det no blir andre bollar. Det blei det, men ikkje slik eg hadde tenkt.

Vi må først ta ein avkøyrsel inn til Bergen, Nordens trafikale Aleppo. Her er det kaos, og vegmønsteret er utforma i spørsmålets teikn. Det er til dømes smått imponerande at ein må rundt heile byen om ein berre skal 200 meter i luftline. Og korleis det plutseleg kan vere einvegskøyring der det for ein augneblink sidan var to felt, får høgare makter forklare.

Om du ikkje er kjend i Bergen og skal ut av byen, så seier eg lukke til – skiltinga kan ikkje beskrivast som noko anna enn mangelfull og forvirrande. Det gjeld for så vidt også for dei som har mykje fartstid på vegane der. Legg ein til bilistar som har som styrande prinsipp om at ingen skal forbi, så trur eg bildet er komplett. Dette er stressande. Det er dette eg er vand med.

I Førde er det annleis. Mannsaldrar i kø i Bergen er erstatta av relativ ro. Her kan ein køyre i ro og fred utan at bilen bak på død og liv skal vere to millimeter bak ein. Då eg la ut på mi første ferd i Førde-trafikken, tenkte eg: «Dette er meir meg». Det varte i omtrent tre og eit halvt minutt. At nokon køyrde i 20 i 40-sona, var alt som skulle til før bergensarbilisten i meg tvinga seg fram.

Men eg har observert, og eg har lært: blinklyset til høgre skal alltid vere på, og ein skal bremse ned til maksimalt tre kilometer i timen før ein skal svinge inn til Handelshuset. Her i fylket tek ein seg tid. «Skal berre ete først», seier dei om sunnfjordingane. Eg visste ikkje at dette også gjeld midt i lyskryss.

Av Thomas Vie Nordeide