Close

Attende til nynorsken

Del innlegg

«Hugs bytekle» stod det på ein lapp eg fekk for litt sidan. Forundringa spreidde seg. Eg hadde høyrt om byfjella og bymarka, men dette var heilt nytt; «tekle?» Det tok ikkje mange sekund før eg forstod kva dei eigentleg meinte – eg er trass alt sunnfjording, halvt vel og merke.

Dette er eit kort, men godt døme på språkforvirring. Det gjorde meg irritert. Her hadde eg trava rundt på Vie i barndomen då vi var på vitjing til besteforeldra mine, og med tre år på Hafstad vidaregåande tenkte eg at eg hadde taket på nynorsken. Eg tok feil.

Etter vidaregåande reiste eg attende til Bergen for å studere. Noko hadde forandra seg: Dialekten min var no ei blanding av førdedialekt og bergensk, noko som fekk fleire til å konstatere at eg måtte vere frå Florø. Etter kvart vart talemålet bergensk att, og pennen byrja sakte, men sikkert å skrive bokmål.

Det vart ikkje betre av at eg har ein litt for velutvikla trong til dialektherming. Austevollske perler som «nyglo», «sytsjaskytsjen» (ikkje spør meg korleis ein eigentleg skriv det) fann raskt vegen inn i språkdrakta. Eg fann diverre raskt ut at måten vi snakkar på, påverkar måten vi skriv på. Studiebyen Bergen er med andre ord eit eldorado for dialekthermaren, men ikkje fullt så bra for den som vil skrive slik ein gjer her i fylket. Dialektforvirra er eg no tilbake – førebels mellombels. Ønsk meg lukke til.

Av Thomas Vie Nordeide