Close

Snikande patriotar

Del innlegg

Då eg kom til Førde, var eg innbitt overtydd om at eg kom til å hate å bu her. Dette var vestlendingane fullt klar over, dei aksepterte overraskande nok hatet mot bygda. Eg møtte lite hets, ingen skulda meg for indirekte å ha drepe sauene deira, i kraft av å vere austlending. Dei let som dei ikkje brydde seg så mykje om eg likte meg her eller ikkje, kva skulle dei med ein skarve bæring.

Her gjekk eg og trudde at de var audmjuke, sjy skapningar. De hadde sett dykk litt blinde på den flotte naturen rundt dykk, hadde ikkje tida til å vere imponert av kvart einaste elvestryk og kvar einaste fjellknaus, slik som austlendingen som har vore vant til å stirre i beundring viss ho treffer på ein middels stor bekk. Eg fekk det stadig bekrefta. De gidd ikkje eingong å gje namn til alle fossane i fylket. Og då eg ville sjå nærare på Halbrendsfossen (den har eit namn!), såg vestlendingskollegaen på meg som om eg nett hadde foreslått å ta ein helgetur i Førde-kloakken. Kva er vel det for ein dum puslefoss.

Vit dette, vestlendingar. Eg har gjennomskoda dykk. Det tok meg kanskje tre månader, men no skjønar eg alt. De er patriotar i saueham, men til slutt skimta eg nasjonalfargar under ulla dykkar. Snikar.

Roleg, nesten umerkeleg, åla dei seg innpå meg, vestlendingane. Dei sleit meg sakte ned, slik vatnet slipar ein liten stein. Og plutseleg stod eg der, andpusten etter å ha gaula Sogn og Fjordane-songen på fest, og fortalde vestlendingskollegaen at Førde slett ikkje var så gale. Ryktet gjekk. Imaget mitt er knust.

Slik har de lurt meg til å tru at eg òg kan, og vil, bli vestlending. Med snikande patriotisme, som berre kan skimtast glimtvis, i fylla og når ein sunnmøring lager film om Førde. Og de visste at det kom til å fungere, for på Austlandet er det ikkje lov å vere patriot, om ein ikkje vil bli forveksla med ein nazist.

Og no er det altså for seint. Eg likar dykk, vestlendingar, til og med nok til å trivast i evig regnvêr. Til og med nok til å ta vel heilhjarta del i Sogn og Fjordane-patriotismen. Eg håpar de er nøgd med dykk sjølve. Dritfolk.

Av Nora Rydne