Close

Sjå opp for ville vesten

Del innlegg

I desse dagar vert det snakka mykje om lausriving. Catalonia vil lausrive seg frå Spania, og norske kommentatorar dreg linjer til eit lausrive Vestland, ein stat som sit igjen med alle oljepengane og store delar av Norges energiressursar. Eg trur ikkje vi har reflektert nok over kor vakker ei vestlandsk lausriving kan bli.
Det heile hadde sjølvsagt byrja med ein heidundrande borgarkrig. Bergen må ut. Dei har mista kontakt med distrikta, og dessutan likar dei ikkje nynorsk. Med Liv Signe Navarsetes erfaring frå forsvarskomiteen er det ikkje vanskeleg å forstå at Sogn og Fjordane, med Senterpartiet i spissen, lett hadde tatt styringa i Vestlandsrevolusjonen. Herifrå hadde det berre gått oppover.

Vi hadde ikkje trengt å bruke så mykje tid på demokrati i den nye Vestlandsstaten. Det er bra, for er det ein ting vestlendingar ikkje kan, så er det å einast om nye namn. Sentermonarkiet (tidlegare Senterpartiet) tenker med gru tilbake til då Internett ville kalle ein ny nordnorsk region «Mordor», og kallar den nye staten «Navarsetet» utan for mykje tyting.

Vi hadde ikkje trengt å bruke så mykje tid på sentraliseringsmotstand i Navarsetet. No som Vestlandet har kasta ut nynorskhatande bergensarar og hine austlendingar, er vi endeleg kvitt plager som ulv og god kaffi. Senterhoffet avgjer i god romersk stil å brenne Bergen. Seinare vil all ulv, dei som ikkje allereie dekorerer ein gardsvegg etter seremonielt frislepp på ulvejakt, deporterast til dei rykande restane av byen.

Det er i det heile mykje tidssparingspotensial i ein eigen Vestlandsstat. Nynorsken kunne sleppast fullstendig fri, den treng ikkje lenger å gjerast forståeleg for bokmålsjævlane. Vestlendingane kunne fått meir fritid og mindre magesår av å sleppe konstant irritasjon over urettferdig nettleige.

Akk, ein kan drøyme. Men verda synest ikkje klar for fleire statar med det fyrste. I Catalonia blei folk utsette for politivald ved valurnene. Prøver du å ta byen til Erna og olja til Siv, trur eg det går langt, langt verre.