Close

Mann mot natur

Del innlegg

I morgonsøvnen høyrde eg fin musikk. Det var ein stare som kvitra seg inn i draumen. Nokre forsiktige lydar. Lyse tonar med lett vibrato. Sakte bygde maestro opp symfonien med eit crescendo. Men brått viste kunstnaren sitt sanne andlet. Gauken av ein stare fann ut at han skulle etterlikne ei vekkarklokke, og gjentok den same monotone lyden i takt etter takt. Med som akkompagnement fekk han plutseleg måsen på lyktestolpen. Måsen hadde truleg slurpa i seg frå dei halvfulle Hansa-boksane som låg spreidde på parkeringsplassen, for han hoia som ein fyllik og var ikkje eigna til å danne kor. I tuntreet slo skjora seg ned og heldt slabberas. Prøv å fortelje ho om heilagdagsfreden.

I kampen mellom mann mot natur, er mannen utan sjanse. På Flokeneset fortalde ein innfødd at oteren var ute etter han. Ikkje berre drap oteren den lokale storlaksen for moro skuld, men han kveila tau inn i båtpropellane for å gjere livet surt. Oteren kika opp frå vasskorpa med djevelsk blikk når mannen vreid om nøkkelen, godta seg visst.

Eg var ni år, og hadde spara det beste av skulebollen, vaniljekremen. Ung og uvørden snudde eg meg vekk ein augneblink. Då eg snudde meg tilbake, var desserten vekke. Stjerten på ei kråke var alt eg såg. Ein kamerat fekk sekken med fiskeutstyr spist opp av ei ku.

I år er det gnagarår. Lemen tek livet av seg i bekkar og drikkevasskjelder. Gode høve for å få harepest. Samstundes blir det visst myggår, knottår og vepseår. Flåttår er det kvart år. Naturen er reine dyrehagen.

Sjølv ikkje banning og ein hyttande neve er nok til å sette seg i respekt. Kobben reinskar fjorden for fisk like fullt, måsen skit på båtkalesjen. Med all teknologi, vitskap og framsteg, har vi ikkje greidd å halde villdyra i sjakk. Siger verkar uoppnåeleg når du visstnok aldri er meir enn tre meter frå ei rotte. Men det finst håp. Om vi held fram med asfaltering, plast i havet, tørrlegging av elver, miljøgift på avvege, kan vi faktisk greie å avvikle naturen. Han gjer seg jo best på tv.