Close

Kva gjer vi med tida?

Del innlegg

Dette året har gått fort, seier dei. Det var nettopp januar, og no er det snart mai. I mai er det straks juli, og så er det nyttår. Og på onsdag er det så godt som helg. Det var det same i fjor.

I år er det skotår. Godt vaksne menn kunne endeleg feire sjuårsdagen. Dei har måtta lide for at sommaren ikkje skal forskyve seg og ende opp om vinteren. Eit år er nemleg ikkje 365 dagar, men 365 og ein kvart, skal vi tru pave Gregor. Han fann ut at det var lurt å samle opp denne kvarten til ein heil dag kvart fjerde år.

Sola vann over Hafstadfjellet igjen, våren kjem. Først er det påske, den har ingen greie på. Plutseleg er han der med skjærtysdag og langsøndag, som ikkje er særleg lengre enn andre dagar. Det handlar om palmar og esel, og vasking av føter. Så drog Han til himmels, men det var visst seinare. Påska er ein heil haug planlegging av kva varer du treng på butikken. Før du veit ordet av det, er det stengt klokka to. Og polet kan du i alle fall ikkje stole på.

Hugs klokka! Den må du snart stille bakover ein time. Eller var det framover? Nei, vi skal sove ein time lengre på kvelden, før vi andre dagen får han igjen på morgonen. Kveldane blir lysare i alle fall, heilt til skulen tek fri i veke 25, så mørkare til neste ferie i veke 52. Vekenummer er det forresten berre skuletilsette og andre fotformsko i kommunen som har tilgang til. Dei har ein spesiallaga kalender i den mørkaste kjellaren på rådhuset.

Blir du fort gammal, synest du? Om du dreg langt nok med fly, kan du faktisk komme fram før du starta. Men du får ikkje færre grå hår av flyreise. Stavanger-Bergen, ein flytur på 20 minutt, kan fort ta lengre tid enn bussen. Du skal møte opp tre timar før, ta flybuss hit og dit i rushtrafikk. Du skal stå ein halvtime i kø for å ta av deg beltet, kanskje buksa, før du må sitte på ein stol i 45 minutt med ein bagett til 126 kroner. Sjølvsagt er flyet forseinka.

Tida di renn ut. Ikkje bruk den opp på å jage etter meir.