Close

Tre veker i paradis

Del innlegg

Sjølv om eg kjem frå ein familie der Nynorskordboka er likså naturleg å ha på nattbordet som Bibelen, betyr ikkje det at eg alltid har vore trygg på meg sjølv som nynorskbrukar. Frå eg var tolv år og fram til eg vart 24, har eg gått på skule eller studert i Bergen: Ein by som i teorien skal vere språknøytral, men i røynda berre er ein bokmålsbastion med noko attåt.

På ungdomsskulen var eg einaste nynorskelev av 270, det er klart det var ei utfordring i ein alder der ein er livredd for å skilje seg ut. Skuleårbøkene seier sitt: «Klassens nynorsking» var det einaste som stod under bilda av meg.

Ein dag i niande klasse kom eg heim til far min og spurde forsiktig: «Eh, du? Kanskje eg skulle bytt hovudmål til bokmål eg også? Det er jo så lett å skrive, og så ville eg få betre karakterar i sidemål.» Så nær å verte arvelaus har eg vel ikkje vore verken før eller sidan, det er ikkje så reint lite stoltheit knytt til språk i ei slekt av målmenn og lærarar.

At heimkommunen min, Samnanger, har Bergen som næraste nabo, har også gjort sitt til at eg alltid har følt at nynorsk som skriftspråk syng på siste verset. No ligg attpåtil trugsmålet om tvangssamanslåing med  bergensarane som ein skugge over den vesle nynorskbygda.

Kanskje ikkje så rart då, at eg kjende det som ei enorm lette då eg kom til Førde for tre veker sidan: Her er det ingen som hevar augnebryna når ein fortel at ein skriv nynorsk. Og så alle skilta då! Ein dag stod eg midt i ein butikk og gliste, medan eg tok bilde av eit skilt det stod «låge prisar» på.

Folk rundt meg såg litt rart på meg, men det får så vere. – Førde er jo reine nynorskparadiset, tenkte eg. Her kan Ivar Aasen og eg vere fri for otte, enn så lenge.