Close

Same procedure?

Del innlegg

Eg plar i grunn alltid følgje rimeleg godt med når statsbudsjetta vert presentert. Sjølvsagt fordi eg er interessert i politikk, men eg kan vel ikkje nekte for at det har hatt litt med underhaldningsverdien i det å gjere òg. Du veit sikkert kva eg meiner: Regjeringa legg fram budsjettet, og det er ikkje måte på kor fantastisk alt er. Og like etter står opposisjonen klar med ein tirade av kritikk om kor elendig alt er. Regjeringa svarar sjølvsagt med å avvise all kritikken blankt, og slik har du det gåande i dagevis. Det er liksom noko rituelt over det heile. Litt som å sjå «Grevinnen og hovmesteren» om att kvart år: Du veit at det vert ein del snubling og skitpreik, men du kan ikkje noko for at du synest det er litt artig lell.

Men i år opplevde eg det heile frå ei litt anna side. I staden for å sitje heime og sjå det på TV skulle eg vere med å dekke budsjettframlegget for Firda. «Ja, no er det julaftan!», sa ein til meg, før budsjettet vart offentleg onsdag. Sagt i spøk, sjølvsagt, men eigentleg nokså treffande. For framlegginga av statsbudsjettet er verkeleg ein buffé for journalistane. Plutseleg har ein eit vell av potensielle saker å skrive om: skattelette, fylkesvegar, stipend, operapengar, skipstunnel, og så bortetter.

Tyder det at media si dekking av statsbudsjettet berre er ei kynisk jakt etter dei beste sakene? Eg trur ikkje det. Det er lettare å sjå alvoret i pengesjongleringa til politikarane når ein får prate med dei som merkar det mest. Både vinnarane og taparane, sjølvsagt. For sjølv om det er ein svært liten del av det totale budsjettet ei regjering faktisk kan endre frå år til år, kan omprioriteringane vere avgjerande for mange.

Men kva endringar som faktisk blir vedtekne, det veit vi ikkje enno. Regjeringspartia må først verte einige med KrF og Venstre. Så får vi sjå kven som har mest grunn til å feire ein gong i desember.