Close

Takk for nynorsken

Del innlegg

Tida går fort på Nynorsk avissenter, og det er på tide med ei lita evaluering før eg takkar for meg og set kursen tilbake mot Trøndelag. Dei siste månadene har eg lært i alle fall éin ting det skal mykje til for at eg ikkje drar med meg vidare og får nytte av seinare. Det eg snakkar om er rett og slett noko så konkret som eit språk, nemleg nynorsk.

Sjølv om trønderdialekten min er fjernare frå bokmål enn han er frå nynorsk, var det bokmål som var hovudmålet mitt på skulen. I november vart det heilt slutt på nynorsk i trønderske skular då den siste nynorsk-skulekrinsen i Trøndelag stemde for å gå over til bokmål som målform. Nynorsken står altså ikkje sterkt i heimtraktene mine.

Det kan kanskje vere grunn til å uroe seg for framtida til nynorsken. Eller kanskje ikkje? Nynorsken blir av språkforskarar rekna som eitt av verdas 100 mest robuste språk, fordi det blir skrive så mykje på nynorsk. Ikkje berre i aviser og bøker blir nynorsk brukt, men kvar dag blir det skrive ein masse nynorsk rundt omkring på sosiale medium.

Det som er spesielt med dei sosiale media i Norge, er at mykje der blir skrive på ulike dialektar. Dette er ein fordel for nynorsken fordi mange av dialektane i Norge er meir like nynorsk enn bokmål, min eigen dialekt inkludert. I løpet av opphaldet mitt i nynorskland har det vorte naturleg for meg å ta opp att dialektord som eg tidlegare har lagt ifrå meg fordi dei skil seg veldig frå bokmål.

Eg trur ikkje at eg etter fire månader i Førde kan få Trøndelag til å bytte ut bokmål med nynorsk. Men det eg kjem til å ta med meg vidare inn i neste år og åra som kjem, er at nynorsk er eit naturleg val for ein trønder. Nynorsken er ikkje så eksotisk som mange skal ha det til. Takk for nynorsken. Og takk for meg.