Close

Ein for 25, to for 20

Del innlegg

Ein søndag kveld for ikkje lenge sidan vart suget for sterkt, og eg måtte bort til næraste Narvesen og få tak i ein sjokolade. Det er sånt som skjer av og til. Eg hadde sett føre meg at det skulle halde med éin Kvikklunsj, men så oppdaga eg skiltet: «éin for 25, to for 20». Kva? Kunne eg verkeleg spare på å kjøpe to i staden for éin? Klart eg skulle ha to!

«Kjøp fleire, spar meir, kjøp meir, kjøp meir» kverna det inne i hovudet medan eg flerra av papiret på den første. Etterpå kom det nokre litt klarare tankar. Kva var det eg hadde spart, eigentleg? Mi eiga eller andres helse? Jordas biologiske mangfald? Nei, eg hadde ikkje skåna noko anna ein mi eiga lommebok – og det med skarve 5 kroner. Eg hadde late meg lure av skitne salstriks, og eg var ikkje særleg høg i hatten då eg kom heim.

Eg har sjølv jobba i butikk og skjønar jo at butikksjefar er avhengige av slike triks for å tene mest mulig. Pengar altså. Men eg likar det ikkje. Eg var nok ikkje den kassemedarbeidaren som bidrog mest til å auke omsetnaden. «Er du sikker på at du treng denne?» «Kvaliteten her er nok ikkje særleg god, dessverre». Likevel har eg ikkje dårleg samvit. Eg er nemleg overtydd om at både kundane, helsa deira og miljøet vårt sparte ganske mykje på at eg jobba ei stund i butikk.

Dersom det viser seg at journalistyrket blir i tøffaste laget, og viss ingen butikksjefar les dette, kan det godt hende at eg prøver meg i salsbransjen igjen. Eg trur nemleg eg har noko revolusjonerande nytt å komme med. Då blir det ikkje noko «kjøp fleire, spar meir» å sjå. Nei, då blir det store skilt og prangande plakatar med eit heilt nytt slagord som eg er sikker på vil føre med seg lykke blant store delar av verdas befolkning: «Kjøp maks éin, men berre viss du må. Og betal for all del ein rettferdig pris». Det trur eg er eit motto for framtida.