Close

Min kalde, våte uvenn

Del innlegg

Klokker flyttast, blad fell, mørke tek over, dagslys er på hell. Regn høljar, vindar herjar, paraplyar blir vrengde og vegar stengde. Grader søkk, tenner hakkar, lepper blir blå og fjelltoppar kvite. Du er umogleg å ta feil av, eg veit du er her no.

Tidleg i september kjem du luskande med magisk lys og fargedrakt, viser deg fram i all di prakt, lar meg tru at du er vakker og lun. Men etter kvart viser du di sanne side; stygg, vill og våt. Eg uffar meg og syter, pakkar meg inn i ull og dun. På TV snakkar dei om nedbørsmengder og temperaturar mot normalen. Seier at årets versjon av deg er heilt galen. Nye rekordmålingar blir til, gamle står for fall.

Eg klarer nok aldri å forstå deg heilt, hausten. Du er alt eg ikkje vil vere; kald og grå, treig og sur, langtrekkande og hissig. Gi meg heller varme og lys, gi meg fjørlette tær og flørtandes blikk. Gi meg sommarkjole og leik, solbrente skuldrer og ferske frekner.

Du seier at vinter er kaldare, og eg nikkar einig. Eg skulle gjerne hoppa over både deg og vinter, men innan vinteren kjem er eg i det minste blitt meir motstandsdyktig og van, svarer eg. Men du og eg, hausten, vi er ingen god kombinasjon. Eg, ein frysepinne som mistrivst når gradestokken fell under ti, og du, ein altfor brå overgang frå tropenetter til varmehetter. Eg hutrar meg vidare. Blir litt stivare i gangen for kvar dag. Leiter fram ullplagg og regnklede, gjer mitt beste for å halde deg på avstand og finne anna glede.

Det går dagar, og det går år. Haustar kjem, og haustar går. Kvar årstid trengst, men du, hausten, er den som kjennest lengst. Heldt du deg konstant i di lune fargedrakt, kunne eg falle for deg. Men du lurer ikkje meg. Du blir aldri noko anna enn min våte uvenn.