Close

Du spinkle sjarmerande

Del innlegg

Uansett om ein ser på den komande adventstida som ei fin ventetid, eller som ein halvmaraton for å kome i mål før Sølvgutane syng jula inn, handlar det no framover om tradisjonar. Alt skal vere «same procedure as last year», utan at ein treng å forklare det noko meir. Når det er jul, dansar klisjéane på bordet, og vi nordmenn, vi likar det.

I min familie er ein av tradisjonane å få med seg høyrespelet «Du grøne glitrande tre» på radioen på julaftan, der familiefaren har tatt med seg heile ungeflokken sin for å hogge juletre i siste liten på julaftan. Det er ei fæla syting frå samtlege av dei små, og alle har ulike meiningar om kva som er det perfekte juletreet. Alt spelt av éi og same stemme, Alfred Maurstad. Ein ekte juletradisjon i mine øyre.

I fjor korta eg ned juletradisjonane og reiste til Kambodsja og Vietnam i romjula i lag med tre venninner. Få av oss hadde vore i Asia før, og vi var klare for eit såkalla kultursjokk. Det skulle bli eit eventyr langt vekk frå bytelappar, ribbefeitt og andredagsfest. Og om det blei! Sjeldan har eg hatt lågare puls i jula, sjeldan har eg vore så solbrent på nyttårsaftan og sjeldan har eg ete meir helseriktig julemat.

Men sjeldan har eg også innsett tydelegare kor mange luksusproblem vi bruker tid på i Norge, kanskje spesielt i jula. I år er eg klar for dei norske tradisjonane heile jula gjennom, men nytt av året er at eg skal bry meg mindre om småtinga, og heller hugse på kor sjukt heldige vi nordmenn faktisk er.

For kven bryr seg om julekakene blir litt brende? Kva gjer det om treet er skeivt eller manglar nokre greiner? Det er berre ein del av sjarmen. Klarer familiefaren i skogen å skape julefred med alle dei ueinige søskena, klarer vi andre også å skape julestemning utan å stresse over at julekorta kanskje ikkje kjem fram før på nyåret.