Close

Stiftinga

Bak stiftinga Nynorsk avissenter står Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Firda Media/Amedia. Føremålet er å styrke rekruttering, nyskaping og utvikling i medium som publiserer på nynorsk. Vi vart stifting og kom på statsbudsjettet i 2015, men starten stod to år før som eit prosjekt oppretta av Amedia/Firda, Vinjefondet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 19. august 2013 tok vi imot dei fire første praktikantane. Prosjektet tok modell av NRK Nynorsk mediesenter, som sidan 2004 har drive tilsvarande opplæring av nynorskbrukande journalistar for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Nynorsk avissenter har retta opplæringa mot nett, avis og sosiale medium.

Drifta er i hovudsak finansiert av Kulturdepartementet og av Firda Media. I 2024 yter departementet eit driftstilskot på 3.620.000 kroner. Firda Media løyver samstundes 683.738 kroner dette året.

Dette lærer praktikantane

Nynorskpraktikanten skal i løpet av fire månader i Firda få innføring i dataprogram for publisering i nettavis og sosiale medium. Praktikanten får teoretisk og praktisk trening i journalistiske arbeidsmåtar, ulike dataverktøy, godt språk, fotojournalistikk, videoproduksjon og rolla til lokalavisa. Journalistikken er sentral i opplæringsprogrammet med vekt på journalistisk vinkling, kjeldekritikk, faktainnsamling og historieforteljing. Målet er at praktikanten skal bli ein god allmennjournalist med god digital kompetanse slik avisredaktørane ønskjer seg mest av alt.

Praktikantkurset byggjer på det pedagogiske prinsippet «lære ved å gjere». Redaksjonen er det viktigaste klasserommet. Praktikanten sit saman med dei andre journalistane og kan fange opp «taus kunnskap» om saker, kjelder og framgangsmåtar. Med jamne mellomrom blir det påfyll med teori og praktisk kunnskap frå interne og eksterne førelesarar. Konstruktiv tilbakemelding og evaluering frå lærarar, kollegaer og redaktørar er ein viktig del av læreprosessen.

Gjesteførelesarar vert henta frå andre aviser, NRK og høgskular. Fleire av desse førelesingane er felles med NRK Nynorsk mediesenter. Gjesteførelesarar våren 2024: Terje Gilleshammer, Bent Are Iversen, Asgeir H. Reksnes, Erlend Blaalid Oldeide, Kristine Holmelid, Per Arne Kalbakk, Jon Inge Johansen, Marianne S. Rotihaug og Roger Sevrin Bruland. I tillegg er Rune Fossum Lillesvangstu, Ingunn Osland og Kjell Ove Nordeide førelesarar på felles kurs. Praktikantane har dessutan fagdagar med førelesing i Bergen Media City og Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Etter fire månader i Førde får praktikanten prøve seg som journalist i sjølvvald avisredaksjon i to månader. Desse avisene er mellom dei som har gitt oss praksisplass: Bergens Tidende, Dagen, Dag og Tid, Firda, Framtida, Gudbrandsølen Dagningen, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nationen, Nettavisen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sogn Avis, Stavanger Aftenblad, Sunnhordland, Sunnmørsposten, Svalbardposten, Tysnes, Vestnytt og Vårt Land. Også TV2 i Bergen og Nynorsk pressekontor i Oslo har teke imot fleire praktikantar.

Opne kurs for andre

Som del av oppdraget vårt tilbyr vi kurs og rettleiing i nynorsk for redaksjonelle medarbeidarar. I 2019 og 2020 hadde vi i samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter og NRK halde språkkurs for avisene Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen, Vestnytt og Hallingdølen. I tillegg er mange av førelesingane i praktikantkurset opna for redaksjonelt tilsette og frilansarar. Dette tilbodet er gratis, men det er avgrensa tal plassar. Ta kontakt med oss for avtale. Les meir om kursa her.

Lærarane

Både dagleg leiar Ingunn Osland og faglærarane Kjell Ove Nordeide, Julian Fløde og Ivar Bruvik Sætre er tilsette i Firda Media. Dagleg leiar arbeider på fulltid for Nynorsk avissenter. Under praksiskurset arbeider Ivar Bruvik Sætre 60 prosent som faglærarar. Han jobbar elles som journalist i avisa Firda. Julian Fløde jobbar 20 prosent i avissenteret og elles i Firda. Kjell Ove Nordeide har ei 10 prosent prosent stilling som faglærar for å følge opp språk. Lærarane er ei ekstra støtte for praktikanten, både fagleg og praktisk, og spesielt dei to første månadene får kvar praktikant ei individuell, tett oppfølging av dei tre. Som mentorar stiller heile Firda-redaksjonen opp. Praktikantane sit det meste av arbeidsdagen saman med journalistane i Firda, som har lang erfaring med å inkludere praktikantane

Her finn du oss

Du finn oss i midt i Førde sentrum. Vi held til i 2. etasje i Nynorskhuset. Næraste nabo er NRK Nynorsk mediesenter. I Nynorskhuset held også Firda, NRK Vestland og Teater Vestland til. Firda, der praktikantane held til mesteparten av tida, ligg i 4. etasje i Nynorskhuset

 Besøksadressa vår er Storehagen 10, og postadressa er Storehagen 10, 6800 Førde.

Statusrapportar

Våren 2025 har Nynorsk avissenter lært opp 106 praktikantar fordelt på 24 kull. Av desse var over halvparten i journalistisk arbeid. Rundt 20 prosent var kommunikasjonsrådgjevarar. Her kan du sjå dei siste statusrapportane våre:

Rapport 2023

Rapport 2024

Rapport 2025

 

 

Sagt om oss