Close

Over bekken

Del innlegg

Eg går ofte over bekken etter vatn. No har eg gjort det igjen, og eg har flytta heim til Førde for å bli journalist. Etter ti år i Bergen verka det som ein høveleg god ide.

Eg har gledd meg som ein unge til dette denne sommaren. Eg har dagdrøymt om alt eg skal lære og gjere i tida ved Nynorsk avissenter. Eg har til og med pønska litt på om det kan vere mogleg å få med meg ein Pulitzer eller noko liknande før eg reiser tilbake til Bergen før jul. Det har vore ein god sommar.

Alvoret derimot trefte meg som ei tungsinna lågtrykksbye på veg til Førde i førre veke. Ein stad ute på fjorden mellom Oppedal og Lavik kom eg til meg sjølv. Det bergenske overmotet som eg over lang tid nøysamt har bygd opp, forsvann på sekundar og etterlet meg i djup uro.

Ein god journalist har som jobb å utfordre maktstrukturar, verne om demokratiet og fortelje historier som kan føre til radikale samfunnsendringar. Ein god journalist må stille spørsmål og ikkje gi seg før han får svar. Ein god journalist må hefte folk.

Å shit.

Eg verken skal eller kan hefte nokon. Eg er ein godt oppdratt sunnfjording. Dét er lett å gløyme når ein bur i Bergen. Å hefte ein bergensar går ikkje an, for han veit ikkje kva det er.

Om bord i bussen frå Lavik til Førde rakk eg å tenke mykje på dette, men før vi køyrde ned Halbrendslia forstod eg kor genialt det er å legge intensiv opplæring av journalistar til indre Sunnfjord. Det er litt absurd å flytte frå Bergen til Førde for å lære meg å hefte andre. Men det er berre logisk. For det er truleg ingen annan stad i verda som eignar seg betre for ein slik type tvangseksponering.

Og eg går over bekken etter vatn.