Close

Google-kalender for eit balansert liv

Del innlegg

«Pass på deg sjølv, så du ikkje brenner deg ut» var det siste foreldra mine sa til meg før eg reiste til Førde. Som om det er ein hobby eg driv med på fritida: strikking, friluftsliv, song og lett utbrentheit.
Eg har alltid vore engasjert og seier ja takk til alt – gjerne samtidig. Ein akrobat med éin fot på yogamatta og den andre i gjørma på fjelltur. Ofte har eg hovudet djupt nedi ein samfunnsaktuell artikkel, medan kaffikoppen balanserer farleg nær kanten.

Etter mange år med sirkeltrening var det plutseleg ikkje meir å hente. Frå innpust og utpust måtte eg finne ein annan måte å leve på. Stoppe opp, puste – og innsjå at ein faktisk ikkje kan gjera alt samtidig.
Så rullar den nye bølgja inn: idealet om å leve meir i takt med sin eigen kropp – surdeigsbrød, vedfyring, kanskje eit par høner og nokre kyr i hagen. Draumen, sant?

Men det er noko rart med å skulle leve sakte og planlegge eit balansert liv i ein Google-kalender. «Torsdag 18:00: spontanitet.»
Kva er eigentleg balanse? Å springe på fjelltur med menskramper? Å velje mellom å sove eller å lese ein rapport om kvinnehelse? Eller å drikke akkurat nok kaffi til å halde seg vaken, men ikkje så mykje at augelokka vibrerer.

Difor seier eg gjerne ja til mykje og nei til litt – og håpar at det som fell på golvet, ikkje er primusen, men berre ein sokk.

Så nei, mamma og pappa, eg skal ikkje brenne meg ut. Eg skal berre småputre, som ein kaffikjele på fjellhylla i motvind.