Close

Godt språk på innerlomma

Del innlegg

Eg har ei god kjensle. Endeleg i gang her i Førde. Borna i barnehagen eg jobba i før, trur sikkert eg flytta heim til Sverige. For det var der dei trudde eg kom ifrå. Desse vestkantborna i Oslo, med au pair, som etter fleire år ikkje alltid forstod språket til ein stakkars sunnmøring. Norsk var det i alle fall ikkje.

Det er sant, det er mykje betre enn det. Det er nynorsk.

Dette fantastiske språket eg vaks opp med, som eg har plassert i innerlomma. Der har det lege bortgøymd frå dei rundt meg som ikkje alltid forstår. No skal eg endeleg få bruke det i jobb og på butikken. Eg skal ikkje lenger ha ein pose når eg handlar inn til middag, eg skal bruke dialekta mi og be om «ein pøse».

Her i Førde er dei jo oppegåande nok til å skjøne kva eg seier. Dessverre er pøsane blitt steike dyre, så eg har med meg ein totebag. Eit lite stykke storbystoff som byfolket heng over skuldra.

Før brukte eg den til parkliv og naturvin, no skal den passe på nynorskordboka og mjølk frå gardane på Vestlandet. Og du skal sjå at vestlandsmjølka gjer meg sterkare etter kvart.

Ein sterk ordsjonglør, ei lyrisk slegge, om du vil. Ein heimegut på veg til å finne att språket sitt.

Det her blir svært. Kanskje mor skal få handskrive kort til jul til og med. Kven veit kor denne språkreisa går.

Det er i alle fall godt å bruke språket sitt fornuftig og ikkje berre på rølp når du møter andre sunnmøringar ute på byen i Oslo.