Close

Førde står i fare for å få ein del av hjartet mitt

Del innlegg

Eg er overraskande glad i å ta på stein. Både kjenna og føla. Ikkje på ein så veldig rar måte, men berre litt.

I fjellveggen kjem rusen i meg fram, helst med klatreskoa på. Gjerne med alt frå techno til folkemusikk på øyra, eller berre i takt med naturen sin eigen musikk. Så lenge eg slepp å høyra på Førde sin udigge trafikkstøy. Då er eg i mitt ess.

Undrar du no? Kvifor vil Sylvelin verta journalist når det er i fjellveggen ho høyrer heime….? Ho kunne jo blitt geolog av noko slag? Eg skal fortelja deg det, eg er ikkje noko nerdete realfagsperson.

Du finn meg heller på alle slags kulturelle arrangement. For målet mitt er å gjere mest mogleg heile tida, heilt til kroppen seier stopp. Du ser meg entra kvart eit rom som ein undrande og nyfiken stril med god stil. Men hei. No fann du kanskje ut av kvar eg kjem frå også, noko som iallefall ikkje er Sunnfjord.

Eg er nemleg tilflyttar ifrå det stolte strilelandet som har forvilla seg nordover. Over Sognefjorden og gjennom dei djupe dalane som førte meg til Førde. Altså det stikk motsette av alle andre. Eg ville berre vera litt original og gå litt imot straumen. Testa ut staden ingen sa at var ein god ide å prøva. For hjartet mitt høyrer til i Nordhordland. Men kven veit, kanskje Førde kan få ein liten del av hjartet mitt også?