Close

Ei sta fjellgeit på nye stiar

Del innlegg

Eg sit i Nynorskhuset, midt i Førdes hjarte.

Den sta og fryktlause mini-Mali hadde nok ikkje sett for seg dette. Nei, ho skulle nemleg bli neste Marit Bjørgen, Cecilie Skog eller Lars Monsen.

Naturen vart raskt og er framleis min friplass. Det var nok av kule og utfordrande fjell å bryne seg på. Storehesten var mitt første store mål som femåring. Seinare har det blitt mange høge og bratte fjell.

Ski kom også raskt på beina! Fjellski, randoneeski, langrennsski. Skirenn etter skirenn. Reiste land og strand gjennom Norge. Dermed vart eg kjent som «langrennsjenta» for mange.

Dessverre har ikkje alle superhelse. Lungene mine skreik i alle fall «nei!» til slutt. Den forbaska astmaen hadde planta seg i kroppen.

21 år gammal og allereie «pensjonert» langrennsløpar. Brått har eg meir tid til overs. Dyrke ein annan identitet? Kven er eg eigentleg? Førdianaren, turjenta eller den pensjonerte langrennsløparen på jakt etter nye løyper?

Eg trur det «uventa» i livet skjer av ein grunn. Det er ein plan bak det uventa. Eg trur ein kan lære noko av det meste, berre ein tenkjer seg om.

Livet kan gå mange vegar! Oppturar og nedturar. Eg trur ein blir sterkare av slike «toppar» og «dalar». Ikkje minst smakar oppturane betre etter ein djup dal!

Eg lurer på så mangt. Likar ikkje å ta meg sjølv så høgtideleg. Mange gonger kjem dei beste historiene når eg vågar å by på meg sjølv. Då ler folk, slappar av – og plutseleg opnar dei seg.

Tid og stad blir fort gløymt anten eg snakkar om tannfelling med ein seksåring eller livserfaring med ein sekstiåring. Begge delar er like spennande. Det er nettopp desse augeblikka eg vil fange.

Så no sit eg altså her i Nynorskhuset. Klar for nye utfordringar.

Kvifor vil eg bli journalist? Fordi eg er nysgjerrig og blomstrar når gode samtalar blir skapt.

Og eg elskar gode historier – både dei små og dei store.