Ein tenåringsgut som ønsker å utmerke seg bør kanskje vere god i fotball, men så lur var ikkje eg.
I staden for måtte eg finne ein annan veg til utmerking. Den vegen gjekk ut på å vere ein 14 år gammal gut med frakk og politiske jakkemerke som sprang rundt i den bokmålstunge oljehovudstaden og spreidde den gode bodskapen om Målungdommen og nynorsken.
Etter kvart fann eg ut av at ein ikkje automatisk blir så flink i nynorsk berre ein synest det er bra. At eg gjekk med dei finaste Ivar Aasen-jakkemerke og viska ut ordet «spy» som stod framfor «nynorsk» på klassekameratane mine sine gule ordbøker, hjelpte ikkje det grann med å bøye «å vere» eller å skilje «gang» og «gong».
Nei, det der var det berre til å gje opp, tenkte eg. Viss eg ikkje fekk til det nydelege nynorske klarspråket, så kunne eg like godt snu tvert om og heller søke meg til filosofien sitt ordkløyveri. Og slik blei det på filosofistudiet i Bergen og i Oslo. Med kategoriske imperativar her og «derværens er væren-i-verdens måte å være på» der så blei eg ein uteksaminert ordkløyvar på rekordtid.
Med vitnemål i sekken byrja eg som lærar. Då blei eg fort forferda, for ikkje ein gong hovudstaden hadde unge lovande som var interesserte i å høyre på ordkløyveriet mitt. Medan eg blei kjeppjaga ut av hovudstaden så skjønte eg det endeleg, eg må til Førde og lære å skrive klar og god nynorsk.