Close

Nynorsk avissenter: Resept på Førde

Del innlegg

Eg har fått Austlandssjuke. Heldigvis har eg har ein god prognose.

«Du hørres ikkje ud som at du e frå Stavanger lengår,» seier familien min til meg kvar jul. Eg nikkar. Dei tek jo ikkje feil. Veslejenta har bytt blaute konsonantar mot kombucha og gentrifiserte bydelsstrøk. Fy skam!

Eg tok ein bachelor i filmregi, så vidarestudium i kulturleiing, og så akkurat den mengda kurs ei kvinne må ta før ho føler seg kvalifisert for jobbsøking. Imellom slaga innsåg eg ikkje at eg hadde utvikla eit kritisk tilfelle av Austlandssjuke.

Symptoma var vanskelege å identifisere i starten. Det starta uskuldig, med litt for lange kaffibestillingar. Men før eg visste ordet av det så vandra eg i ørska i overprisa brukthandlar, på jakt etter etisk sydde skjorter beståande av 100 prosent naturtekstilar. Eg måtte akseptere sanninga. Eg hadde ein livsstilssjukdom og måtte naturlegvis legge om livsstilsvala mine.

Eg måtte flytte til Vestlandet.
Nøyaktig kva med Førde som skulle hjelpe, visste eg ikkje. Men då eg gjekk av bussen, fekk eg eit mogleg svar i fleisen:

Fjell. Jævlig store fjell.

Å ha desse digre steinane i klem rundt meg vil kanskje lindre eit eller anna inst inne. Kanskje den delen som vaks opp på gard, tok båt til skulen, og greip første sjanse ho fekk til å forlate Distrikts-Norge. Den vesle delen skal eg pleie, og dyrke forsiktig. Prognosen min er heldigvis god. Kaffien har blitt mørkare i fargen, og ingen har spurt om eg kjem frå Arendal (enno). Familien min kjem til å bli letta.

Om eg ikkje byrjar å høyrast ut som at eg kjem frå Førde, då.